Kva er dette? Spørsmålet gjorde seg gjeldande då eg først lytta til «Troubadour Song», opningssporet på Troubadour, eit album som kom første gong i 1976, og som plateselskapet Drag City no gir ut på nytt. Assosiasjonane gjekk straks til mellomalderen, på grunn av instrumentbruken, men samstundes kunne eg jo høyre at det dreidde seg om musikk frå vår eiga tid. Og dermed var eg dregen inn i universet til musikaren og folkloristen Dorothy Carter (1935–2003), ein fascinerande tilhaldsstad for musikkinteresserte.
For den nyfikne
Troubadour er ei utgiving for den nyfikne lyttaren. Instrumentet du frå første stund høyrer i møtet med albumet, er ein dulcimer, eit perkusjonsinstrument med strenger som gjerne er trekte over eit trapesforma lydbord, kjent for fleire frå nettopp europeisk mellomalder. For å spele på det treng ein to små, skeiforma hamrar. Eit slikt instrument, og andre som liknar på det, er utbreidd i tradisjonell musikk frå ulike område på heile planeten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.