Litteratur
Tur til Polen 4
Olav H. Haugedagbøkene: «Fekk oss middag, god mat til liten pris, etter norsk rekning. Har ein dollar, er det lett å veksla på ulovleg vis.»
Teikning: May Linn Clement
28. april: Ut i byen til ymse kontor på jakt etter visumet. Fåfengt. Guiden vår leita og spurde etter òg, men nei. So no fær me venta til måndag, eg lyt få eit nytt.
Me gjekk og såg det historiske museum i Stare Miasto. Etterpå flytte me til nytt hotell, til det me fyrst budde på. Fekk oss middag. Etterpå gjekk me yver brui til Praga, der er det ein zoologisk hage. Mange digre tre. I morgon til Lodz.
29. april: Til Lodz. Toget, 2. kl. Og fullt. Ikkje råd å få sitjeplass, det var å stå. I Lodz såg me eit tekstilmuseum. Eit velskipa, godt ordna museum, som viste alt um spinning og vevnad frå gamal tid til i dag, gogner og maskinor. Der var òg ei stor samling biletvev.
Fekk oss middag, god mat til liten pris, etter norsk rekning. Har ein dollar, er det lett å veksla på ulovleg vis. Med same me kom, var det ein mann som var på meg : «Change money?» spurde han. Eg svara nei. Men på den måten fær ein 120 zloti for 1 $. Kelnarar driv mykje med slik veksling.
Piotr gav meg 1200 z for 10 $. Lovleg veksling er 30 z for 1 $. Vekslar ein ulovleg, kan ein leva billeg her. Norske kronor er lette å veksla.
30. april: Dei har fyrebutt seg på 1. mai sidan fredag, i dag er det måndag, då kom flagg upp på alle bygningar i byen. Og i dag stend høgtalarane på. Ein og annan har alt teke til å høgtida dagen, dei ragar ikkje so lite alt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.