Musikk
Tusen kakebeatar
Tarta Relena inviterer til katalansk kakefest med trommemaskin-, krukke- og Hildegard von Bingen-klang.
Her om veka var eg så flaksen at eg fekk sjå urframføringa av És pregunta, det nye albumet til Tarta Relena, ein katalansk duo samansett av Helena Ros Redon og Marta Torrella i Martínez, på Unsound-festivalen i Krakow. Iført elegante tradisjonsdrakter og med smakfullt lysshow og stødig sceneutstråling song dei fredsæle duettar med klokkeklare samstemte stemmer. Samstundes trakterte dei keyboard og andre elektroniske musikkduppedittar – og nokre underlege melodiske slagverkinstrument dertil.
Duoen hentar inspirasjon frå all slags folkemusikk frå middelhavstraktene, gregoriansk song og Hildegard von Bingens 1100-talsmusikk. Harmoniane og rytmikken er ukonvensjonell, men altså tradisjonell, og rører rundt i djupet av hjarterota. Tarta Relena tyder «stappa terte», og dei nemnde slagverkgreiene viste seg etter nærare ettersyn å vere ein type gresk keramikkrukke kalla amphora.
Medan allting kan gå itu og mitt hjarte kan gå i tusind kakestykke, limer Tarta Relena alle desse musikktradisjonane og i det heile teke det heile saman. Songane på Ès pregunta («Det er viktig») manar fram intuisjonar om mangfald, heilskap og samhald, om sambandet mellom fortid og framtid, tradisjon og nyskaping. Det kjem klart fram, sjølv om eg ikkje kan eit kvekk av dei mange språka duoen syng på: italiensk, gamalgresk, katalansk og ladino (judeo-spansk) – mellom andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.