Tynn toscansk suppe

Smaken av Toscana er feelgood som ikkje speler på dei riktige ingrediensane.

Kjøkkensjefen Arturo (Marchioni) gjer samfunnsteneste på eit opplæringssenter og møter eleven (Fedele) som har smakssans utanom det vanlege.
Kjøkkensjefen Arturo (Marchioni) gjer samfunnsteneste på eit opplæringssenter og møter eleven (Fedele) som har smakssans utanom det vanlege.
Publisert

Smaken av Toscana er, som den norske tittelen alluderer, ein kulinarisk film lagd til den italienske regionen med same namn. Her møter vi Arturo (Marchioni), ein respektert, men hissig kokk med ein valdsdom på CV-en. Han blir sett til å gjere samfunnsteneste på ein skule for tenåringar med Aspergers syndrom. Arturos lynne går først ikkje godt overeins med ungdommane, men éin elev, Guido (Fedele), merkjer seg ut med smakssansar utover det vanlege. Inspirert melder han seg på ei tevling for unge aspirerande kokkar. Motviljug blir Arturo med som mentor.

Arturos reise i filmen er føreseieleg. Han skal møte – og forsone seg – med ei brokete fortid. Han skal innsjå kva som er viktig i livet, og han skal kome ut som eit heilare menneske. Smaken av Toscana er feelgood til beinet. Humoren treffer likevel ikkje heilt, og rollefigurane er for underutvikla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement