Musikk
Ujamn hormonsprut
Dopamine er eit uhorveleg silkemjukt R&B-album med enkelte motivasjonsproblem.
Dopamine er Normanis (kjend frå R&B-gruppa Fifth Harmony) første soloalbum, og det er tale om ein intim affære.
Opningssporet «Big Boy» er mjukt slagkraftig, drive av djup bass og blodharry barytonsax, og vekslinga mellom kontant stakkatovokal og opne strofeavslutningar er medrivande.
«Still» tar oss med inn på ein slags sonisk strippeklubb, og ein underleg ambivalens ligg og lurer i VIP-rommet mellom usedvanleg brunstig bass, heimsøkjande koring og uventa rytmiske skift.
«All Yours» går utprega sakte, og ein får kjensla av å ha forvilla seg bak ein skinnsofa der det går føre seg usedeleg aktivitet, lik ein som ufrivillig invaderer intimsfæren. Her er basslina utprega slesk – Normani syng «mm ah oh ah», bassen svarar «ooooohmmm». «Lights On» er ein elskhugsballade i kategorien R&B med raude ljos – eg kjem til å tenkje på TLCs «Red Lights Special» frå 1994. Det har rett nok hendt litt i produksjonsverda sidan den gongen, og Normani er sanneleg ein meir habil vokalist.
«Take My Time» tar tempoet nokre hakk opp att med ein dansbar house-beat og casiokeyboardliknande piano. Det soniske silkesengetøyet er så smooth at det nesten er umogeleg å finne fotfeste; her er det tale om eit påtrengjande intimt ljodbilete.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.