Musikk

Ultrapop

Harmony stikk djupt med sin overflatisk sett overflatiske musikk og poesi.

Publisert

Det er korkje tale om det svenske kristen-metal-bandet Harmony eller indierockbandet Gossip: Musikkalbumet Gossip er signert Harmony Tividad, kjend frå alternativrockduoen Girlpool. Her er det, som den sladrete tittelen peikar mot, «overflatiske» problemstillingar pakka inn i tjukkare lag med popflosklar enn Charli XCXs «hyperpop».

Lat oss kalle det ultrapop: Gossip er overlest med atonal autotune som speglar den skakke, enkle lo-fi-estetikken til Girlpool, og eurodance- og elektropopflosklar med støyande tilsnitt av tilsynelatande slepphendt produksjon.

Dersom du synest det høyrest fælsleg ut, er du ikkje åleine: Det som hende, var at eg var i ferd med å melde det nye albumet til The Cure, men då eg innsåg at eg har lite å melde ut over at det læt greitt nok, gav eg meg ut på jakt etter meir interessant musikk å skrive om. «Uuthaldeleg», skreiv Pitchfork i eit totalslakt av Gossip. «Dette må undersøkjast», tenkte eg og søkte opp musikkvideoen til Harmonys «America».

Videoen er tufta på ein usedvanleg platt idé om «polarisering» i samfunn og relasjonar. Fridomsstatuen sit i ein bil saman med kompisen Onkel Sam. Det er åremålsdagen hennar. Det har onkel Sam gløymt: Videoen kom ut 4. juli, og det skal godt gjerast å ikkje vite at dette er nasjonaldagen til USA. Eller noko, så Amerika er litt skuffa. Onkel Sam kjeklar i veg om at det heng plakatar over det heile som seier at han vil ha henne – «I want you», som det heiter. Maken til openberr vits skal ein leite lenge etter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement