Bok
Utruverdig om Undset
Historikarar flest vil neppe gå god for metode og kjeldebruk i denne boka.
Portrett av Sigrid Undset på medaljongen til Anders Svarstad.
Forfattaren av Tause kilders tale. Var Dea Sigrid Undsets store, uforløste kjærlighet? er historikar og professor ved BI ved Institutt for markedsføring og kommunikasjon. Ho gjer eit nummer av at ho ikkje er litteraturforskar; med eit anna fagleg blikk meiner ho å ha sett noko som vi litteraturforskarar ikkje har sett.
Ein kan meine ulikt om kor interessant det er om Sigrid Undset opplevde ein slags uforløyst kjærleik til pennevenninna Dea Edberg da dei båe var unge jenter. Men ein kan visst berre meine éin ting om formålet med å utforske dette spørsmålet, slik det er formulert sist i boka. Christine Myrvang vil rive forbindinga av såret, for «Jeg måtte se hvor den blødende smerten kom fra». Heldigvis, får en seie, lykkast ikkje dette.
Tendensiøs lesing
Myrvangs viktigaste kjelde er Sigrid Undsets brev til Dea i Kjære Dea (1979). Myrvangs «store oppdaging» er at det oppstår eit hol i breva frå Sigrid til Dea då Dea fortel at ho er forlova, og at dette er grunnen til at ei vonbroten Sigrid for ei tid slutta å skrive brev. Men utgjevaren Christianne Undset Svarstad fortel at 16 brev vart fjerna før resten blei overleverte til Nasjonalbiblioteket. Ingen veit når dei vart skrivne.
Litteraturforskarar har kommentert dette før. Men Myrvang er ikkje i tvil om at ho er den einaste som har sett årsaka til dette «holet», nemleg at Sigrids kjensler for Dea var meir enn eit svermerisk venninnetilhøve. Denne «oppdaginga» meiner ho òg kan kaste nytt ljos over forfattarskapet. Ho leiter då fram lesbiske figurar og referansar i alt Sigrid Undsets seinare skreiv, og kartlegg alle vennskap med lesbiske kvinner.
Det er neppe tvil om at dei to jentene hadde eit tett, fortruleg forhold. At dei òg skreiv om lengt etter fysisk nærleik, betyr ikkje utan vidare at dei hadde lesbisk-erotiske ønske; det var, som Myrvang òg skriv, ein konvensjon den gongen, men denne innsikta får inga vekt her. Ho ser òg at ein så intim korrespondanse oftast tek slutt når den eine giftar seg, men ho underspelar også det. Samstundes som ho konkluderer med at ho ikkje er oppteken av å «tvinge» Sigrid Undset «inn i en kategori» som bifil, for Myrvang vil ikkje nekte for at samlivet med Anders Svarstad var lykkeleg i dei første åra, undergrev ho denne konklusjonen ved å presse tekstane meir enn dei toler. Dei lange parafrasane av Sigrid Undsets bøker har ikkje noko klart poeng, ut over indirekte å stø oppunder ideen om at ho eigentleg/også elska (ei) kvinne(r).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.