Bok

Vald, hat, mot

Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.

Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Publisert

Nokre gonger kan ein biografi lyfta fram ein heil epoke slik at du kjenner tåregassen riva i nasebora og vert våt av vasskanonane i ryggmergen. For oss som har levd ei stund, er borgarrettsrørsla i Amerika eit slikt døme.

Det kjem opp mange minne for det indre blikket når me tenkjer på kva som hende: Bileta av jenta i finstasen som vert følgd inn av den føderaliserte nasjonalgarden med eit andlet av redsle og trass når ho vil melde seg som student ved Alabama-universitetet; Martin Luther King jr. på kne i bøn med tilhengjarane sine i Birmingham i Alabama, medan glefsande schæferhundar kastar seg mot dei, berre så vidt haldne attende av dei hatefulle uniformerte folka til erkerasisten sheriff Th. Eugene «Bull» Connor.

Mot

Det som sit att etter å ha levd gjennom dei meir enn 600 sidene til Jonathan Eig, er fyrst og fremst kor modig Martin Luther King var. Ja, sjølvsagt visste me det. På eit slags intellektuelt plan. Men her skriv Eig om drapstruslar og slag mot andletet som daglegdagse hendingar mot han og familien hans. Me kjenner alle trua til King, at han rekna med «to be free at last». Og alle referansane til frelsa like før han vart skoten, er lesing som gjer inntrykk.

Eig legg ikkje skjul på mannens skuggesider: utruskap, litt for mykje alkohol, plagiering i doktoravhandlinga, depresjonar, vingling. Her er biografien ærleg. Men dette er likevel petitessar som berre gjer han meir menneskeleg, til liks med til dømes Bjørnson, som òg var full av slike kontrastar.

Han var sårbar midt i kampen. For King spara seg ikkje. Eig skriv at King såg på seg sjølv som «et offer for tapte drømmer, for knuste håp».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement