Bok

Velferdsstaten som himmelriket

Noregs suksess vert forklart med vatn, ikkje olje, i ei pedagogisk god bok full av interessante sosiologiske observasjonar.

Harald Eia og Ole-Martin Ihle analyserer det norske samfunnet.
Harald Eia og Ole-Martin Ihle analyserer det norske samfunnet.
Publisert

Når jordbuarar om nokre år kjem til Mars, vil dei oppdaga at planeten ikkje er aude: Dei vil finne holrom i bakken der det bur sosiologar. Desse vert av og til skotne ut og landar på jorda. Særleg ofte kring 1968. Men somme meiner at allereie Jesus eigentleg var ein slik sosiolog, som etter å ha vitja Jorda drog opp til Mars igjen. Og som skal koma attende for å døma levande og døde, det vil seia skriva eit nytt sosiologisk evangelium om tilstanden på planeten vår.

Slike sosiologar har nemleg ein unik føremon som dommarar: Sidan dei kjem utanfrå, og sjølv er asosiale, kan dei forstå samfunna våre på heilt objektivt vis, utan fordommar. Dette gjer dei takk vera store bunkar med spørjeskjema som dei straks deler ut. Dinest ser dei på korrelasjonar mellom resultata, og så freistar dei forklåra desse med oppfinnsame teoriar. Dette i motsetnad til politikarar som òg lagar teoriar om korrelasjonar, men då styrte av subjektive interesser.

Trepartssamarbeid

No har ein slik Mars-sosiolog, Harald Eia, saman med ein Jorda-medarbeidar, Ole-Martin Ihle, dømt ferdig: Der vert Noreg frikjend, medan dei fleste andre, særleg Amerika, vert fordømde. Og ikkje minst får vi greie på kvifor just vi er på veg inn i himmelriket.

Her er det særleg alle resultata av spørjeundersøkingane som er interessante: Ein World Happiness Report viser at finner, danskar og nordmenn er dei lukkelegaste i verda. Korrelasjonar viser òg at i motsetnad til det Thomas Hylland Eriksen trur, er det tett samanheng mellom lukke og rikdom og sosial mobilitet, noko vi er gode på.

Så kvifor er vi så lukkelege og rike? Jau, vi var ein del av Det Store Økonomiske og Teknologiske Spranget på 1800-talet då landa i Europa og Amerika fekk ein brå vekst i BNP. Men kvifor skil vi oss ut blant desse? Svaret er, ifølgje Eia og Ihle, velferdsstaten vår, og korleis vi vart rike nok til å finansiera han. Her gjev forfattarane ei god pedagogisk forklaring: Det kjem av det unike trepartssamarbeidet vårt, det vil seia sentrale lønsforhandlingar mellom arbeidsgjevarar, arbeidstakarar og staten, der eksporterande frontfag avgrensar løna til andre fag, noko vi byrja med i 1930-åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement