Bok
Venelaus konge
Tore Rem kom skeivt ut frå hoppkanten då han skreiv første bind i trilogien om kong Olav. I bind to justerte forfattaren seg inn, og den siste boka gjer sitt til at trilogien landar stødig.
Kong Olav portrettert i Fuglerommet på slottet 8. mars 1983.
Foto: NTB
Redaktørane i Cappelen Damm og forfattaren Tore Rem må ha hatt ein alvorsprat etter at første bind var utgjeve i 2020. Framstillinga vart så detaljert og refererande at sjølv den største tilhengaren av monarkiet må ha opplevd boka som ein tolmodstest. Det var tydeleg at forfattaren ikkje kom tett nok på den han skreiv om.
Bind tre tar for seg perioden frå 1946 og fram til kong Olav døydde 17. januar 1991. Som dei første to binda handlar det om raude løparar og gulltallerkenar, politikk, plikter og krig. Men denne gong gjer forfattaren eit inderleg forsøk på å kome tettare inn på hovudpersonen. Olav vart skikonge, seglarkonge og konge for dei militære. Han vart framfor alt folkekongen. Kven var Kong Olav? Var han like snill og blid som pressa framstilte han? Kva skjulte seg bak fasaden? Hadde denne majesteten eigentleg venner?
Nevrotisk latter
Som lesar blir ein nysgjerrig på korleis Olavs oppvekst påverka han som vaksen. Dei to første binda, Den framande og Krigaren, har gitt forfattaren eit godt grunnlag for å sjå dei store linjene. Olav hadde ikkje kontakt med andre barn før han var åtte år gammal, var hemma av dysleksi og hadde i ungdomstida nesten ingen venner. Han kalla aldri kong Haakon for far, men omtala han som «Deres Majestet», særleg i offentlege høve.
Den spesielle latteren vart lagt merke til også utanfor landegrensene. Winston Churchill fortalde kona si: «Sannelig den tåpeligste latteren jeg noen gang har hørt.» På midten av 1960- talet fekk Noreg besøk av den russiske ministerpresidenten Nikita Krutsjov. Han var på førehand vorten fortald at kong Olav kunne «begynne å le høyt, utan noen som helst grunn».
Rem omtaler fleire gonger Olavs talefeil og kallar det «løpsk tale». Nokre gonger snakka han ikkje samanhengande. Olavs nevrotiske latter, som kom til upassande tider, hadde ikkje det samanheng med oppveksten hans? Kvifor skriv ikkje Rem meir om dette?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.