Bok
Vent og tiltalande
Dette er ikkje poesi som freistar å gjere seg vanskeleg, men er på eit vis likevel undrande.
Hanne Bramness har eit virke som forfattar, gjendiktar, forleggjar og skrivelærar.
Hanne Bramness har i tidlegare diktbøker nærma seg forteljinga, eller diktforteljinga. Men det er noko med språket til Bramness og måten ho handsamar motiva på, som likevel gjer Himmelen faller ikke ned, med undertittelen Et dikt, meir til dikt enn til ei prosaforteljing på vers. Det byrjar rett nok som om det var ein roman, for utvitydig vert problematikken som skal handsamast, lyssett alt i den første lina: «Det er noe urovekkende i forholdet til mor.»
Dikta som følgjer, står fram som ei undersøking, forsøk på å nærme seg og finne ut kva dette vanskelege morsforholdet bestod i. Mellom anna vert det gjort gjennom at perspektivet vekslar mellom eit «jeg» og eit «du». Båe er kvinner litt oppi åra, og dei brevvekslar med kvarandre, frå kvar sin kant av verda – og dei finn at erfaringane deira i forholdet til mødrene liknar kvarandre.
Spørjande tone
I breva fortel dei i glimt om barndomsopplevingar, minne, handlingar og gjenstandar som i tilbakeblikk står fram som mangetydige, uavklarte og direkte ubehagelege – og det er som om eget for første gong vågar skrive og reflektere over dette. Tittelen, Himmelen faller ikke ned, er eit slags mantra eget seier til seg sjølv for å gjere det som lenge har vore usagt og ikkje-tematisert, ufarleg.
Dette er ganske langt frå eit rabiat morsoppgjer. Tonen i dikta er spørjande, innhylla i eit skjer av noko forsiktig, meditativt, funderande. Det er ikkje enkelt for eget å sjå fortida klårt og utvitydig når «jeg har slukt øyet/ som ser meg og blir ved å speide i meg». Eget har arva og internalisert moras blikk på seg sjølv: «hun kunne trekke seg inn i sitt skall, som skilpadda, og av og til når hun// brått fikk se meg skyndet hun seg sidelengs/ inn i mengden, som krabben».
Streng komposisjon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.