Bok

Ventetid for dei rastlause

Annemarie Schwarzenbach skildrar det urbane 1920-talet med aktualitet for vår eiga tid.

Annemarie Schwarzenbach (1908–1942) var del av ein ung, fritenkjande generasjon kunstnarar i Europa i mellomkrigstida.
Annemarie Schwarzenbach (1908–1942) var del av ein ung, fritenkjande generasjon kunstnarar i Europa i mellomkrigstida.
Publisert

Livet vårt er eit einaste stort spørsmål, står det på baksida av romanen Vener av Bernhard av den sveitsiske forfattaren Annemarie Schwarzenbach (1908–1942), og framhaldet i boka er: «og vi lever av det som rører seg i sjela vår åleine». Det er ei god skildring av ungdom i det moderne, urbane livet, for dei som har tid og høve til å gruvla over eksistensen og, ikkje minst, rusa seg på den søte, private ulukka.

Handlinga i boka er lagd til 1920-talet, men mykje av tankegodset er aktuelt framleis, det er mest omstende og eignelutar som har endra seg.

Den sentrale personen i boka er kan hende 17 år gamle Bernhard, ein lovande musikkstudent og eit forfina menneske som, til liks med fleire andre i boka, har ein litt uklår kjønnsidentitet. Kring han finn me personar som tek like mykje plass i teksten, Gert, som er tvilande til sitt eige talent som biletkunstnar, Ines, som ikkje ser ut til å vera forankra i mykje anna enn hunden Flock, og venekrinsen, bilethoggaren Christina og bror hennar, Leon, som også er kunstnar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement