Kunst

Verdien av det vakre

Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.

«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprin­sippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprin­sippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Publisert Sist oppdatert

«Nini i grønn kjole» er eit slikt bilde som syg ein inntil seg. To nøttebrune auge gløttar imot oss, utan å heilt møte blikket vårt, med tenksame, nærast drøymande auge. Portrettet er pensla fram med raske, lette strøk. Under fargen ser vi korleis kunstnaren har rissa opp komposisjonen med blyant.

Vi ser inspirasjon frå kubismen i måten bileta til Schultz vert bygde opp på av konstruktive komponentar. Jenta er forma med boga, mjuke linjer. Ovalen og sirkelen går att i figurskildringa så vel som framstilling av stolen, i kontrast til ein meir streng og rettlinja bakgrunn. Nini er plassert midt i bildet på ein stol i raude og fiolette fargar som framhevar det grøne og blå i påkledninga.

Karakteristisk for kunstnaren legg Schultz lite vekt på korrekt anatomi, han er mykje meir oppteken av at formene i bildeflata skal spele saman på ein god måte, og fargane både klinge i hop og utfordre oss. Sjølv om motivet ved første møte kan verke enkelt, nærast illustrativt, så inneheld det ein stor rikdom.

Dottera Nini var favorittmodellen til Alexander Schultz. Ho hadde Downs syndrom og budde saman med foreldra til ho døydde i 1973, berre 31 år gammal. Dette måleriet er eit av dei ti minnebilda faren måla av henne.

Stor i samtida

I møtet med denne kunstnaren er det viktig å vere tolmodig, først etter ei stund vil bilda opne seg i all si prakt. Ingen nyttar fargar nett som denne kunstnaren, og han har eit uttrykk som er lett å kjenne att. Han er glad i lyse, kvitlege fargar, pensla på i mange lag så overflata ulmar i nyansar som ein aldri elles ser. Måleria er så underleg tørre i uttrykket, nesten som det er måla på ein kalkvegg, og ikkje med oljefarge på lerret, men like fullt levande. Det er ikkje utan grunn han i samtida vert skatta som ein av dei mest interessante målarane som legg hovudvekta på verknaden av fargane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement