Bok

Vesten mot resten

Leidulf Melve har skrive ei globalhistorie med tung politisk slagside.

Koparstikk som syner ein boktrykkjarverkstad slik dei såg ut kring 1550.
Koparstikk som syner ein boktrykkjarverkstad slik dei såg ut kring 1550.
Publisert

Leidulf Melve, som er historieprofessor ved Universitetet i Bergen, gapar over for mykje med denne boka. Ambisjonen er å skrive ei globalhistorisk framstilling som skal femne om sju sivilisasjonar (Mellom-Amerika, Afrika, Europa, Bysants, den islamske verda, India og Aust-Asia) i sju tematiske kapittel (samfunn, kommunikasjon, økonomi, religion, statsdanning, byar, lærdom).

Diverre er resultatet både overflatisk og tendensiøst. Det er tydeleg at Melve vil snakke Europa ned og resten av verda opp. Dette syner seg både i valet av stoff og i handsaminga av det. Eg skal gje nokre døme.

Utan grunnlag

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement