Bok

Viktig bok med godt kjeldearbeid

Sjølv om soldatane svalt, fraus og mangla våpen, gav dei alt for Noreg i vekene etter den tyske okkupasjonen.

Erik Thomassen er historikar utdanna frå Universitetet i Bergen.
Erik Thomassen er historikar utdanna frå Universitetet i Bergen.
Publisert

Felttoget i Sør-Norge i 1940 var ein kamp Otto Ruge var dømd til å tape. Erik Thomassen har med boka Tre desperate uker gått i djupna og skriv om soldatar i nærkamp. Dei som trur dei kan det meste om dei dramatiske aprildagane i 1940, kan tru om igjen.

I 2021 skreiv Thomassen si første bok, De valgte å slåss, også den om dei tre første vekene av krigen, men med vekt på «Vestlandshæren». Det var også ei god bok.

Thomassen vel denne gongen å leggje hovudvekta på felttoget i aprildagane 1940, kampane frå Oslo mot Trondheim. Tre desperate uker er ein murstein, på 616 sider.

Soldatane manglar ammunisjon, dei frys, det er lite mat, og den største fienden er mangelen på søvn. Delar av offiserskorpset er også NS-vennlege. Nasjonal Samling hadde langt større oppslutnad blant offiserane enn i folket elles. Sjåføren som køyrde kongen, blei bomba av tyske fly med jamne mellomrom, og tyskarane må ha hatt norske vegvisarar.

Thomassen meiner likevel at det ikkje var mange offiserar som sveik i aprildagane 1940. Det er mogeleg han tek litt lett på den problemstillinga. Historikaren Lars Borgersrud hevdar i boka Like gode nordmenn frå 2012 at det ikkje var forsvarsevna, men forsvarsviljen som mangla. Det er ikkje godt å seie kven som har rett.

Britane sveik

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement