Bok
Visjonær tur i ein rusten Amazon
Tiller gjev ein dystopisk og biletrik diagnose av samtida med ein håpefull slutt.
Carl Frode Tiller er utdanna historikar og har gjeve ut ei rekkje romanar.
Foto: Trine Melhuus
Carl Frode Tiller freistar seg i lyrikken med eit biletrikt og visjonært langdikt, Det framande landet. Ein alkoholisert bygdeoriginal fungerer som volve og sjåar som tek lesaren med på ei ferd ned til skapinga og opphavet til jorda, gjennom historia og fram til jorda går under og ei ny bløming. Framkomstmiddelet er ein rusten Amazon «utan ratt og hjul». Ein kan lese Det framande landet som ein dystopisk diagnose av vår tid, ein håpefull samfunnskritikk, sidan boka altså endar med at det lyriske eget «igjen ser (...) dyra og plantane og fuglane komme tilbake».
Pendling og flytting
Ein blir vitne til flimrande ham- og kroppsskifte og ei pendling og flytting i tid, rom og slektsledd. Forvandling skjer på fleire plan. Tids- og historieportane står vidopne, og bilete frå bibelsoga og nytida flyt i kvarandre, «som vassfargar på eit/ måleri frå barndommen». Det historiske medvitet gjer likevel at tida vert pressa saman og ofte fiksert i ei mogleg ettertid: Dei som lever i notida, og remediane deira, vil også kunne forvandle seg til museale objekt, arkeologiske leivningar.
Problem i samtida er tydeleg til stades: individualismen, kapitalismen, det manglande samhaldet, konsumismen, rovdrifta på naturen og den eskalerande økologiske katastrofen. Det er den unge dottera som representerer det kritiske korrektivet, jamvel om ho i farens auge er noko naiv. Sjølv om teksten er spekka med bilete og mytestoff, er samtida ikkje omskriven, men stort sett representert med dei orda som er i vanleg sirkulasjon, «her er fellesskapet filtrert og fotoshoppa bort». Slik finst det ei realistisk notidsjording av teksten, ei attkjenneleg verd og ein kjend kvardag som diktet spring ut frå.
Tankevekkjande motiv
Det framande landet aktiverer eit vell av sogestoff og historiske referansar som freistar fange det essensielle i tida vår i løpet av dei 68 sidene i boka. Dette langdiktet er ikkje ein stad for samfunnsanalyse eller ein freistnad på å løyse problema, snarare er det ein freistnad på å skrive dei inn i ein samanheng av historie, bilete og sogestoff og framfor alt rope eit tydeleg varsku om at ragnarok kjem om ein ikkje handlar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.