Musikk

Vital Nilsen-hyllest

Thea & The Wild finn balansen når dei tolkar Lillebjørn Nilsen.

Thea Glenton Raknes syng no på norsk.
Thea Glenton Raknes syng no på norsk.
Publisert

Tilfellet ville ha det til at den formidable talen Kamala Harris heldt etter valnederlaget, summa i hovudet mitt då eg for eit par veker sidan sat og lytta til «Barn av regnbuen», eit av spora på Thea & The Wild spiller Lillebjørn Nilsen, som er ute i dag. Det er ikkje rart at både poetar og retorikarar grip til den tindrande himmelkvelven når dei skal mobilisere håp. Nick Cave rettar blikket mot stjernene høgt over oss i «Joy», eit av spora på Wild God, som kom i haust, og ser «bright, brilliant metaphors of love». Finst det eit meir universelt eller tidlaust bilete?

«Barn av regnbuen» fekk fornya symbolsk kraft i 2012 i kjølvatnet av rettssaka mot Anders Behring Breivik, som då omtala songen som ei form for «kulturmarxistisk indoktrinering» typisk for norsk skule. Kort tid etter song 40.000 menneske med då Lillebjørn Nilsen (1950–2024) framførte songen på Youngstorget i Oslo. Med det bar han vidare ein visjon først artikulert av Pete Seeger, for «Barn av regnbuen» (1973) er ei tolking av Seegers «My Rainbow Race» (1967), som skildra «one blue sky above us».

Brubyggarprosjekt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement