Vivaldi på hardingfele

Ragnhild Hemsing har omsett Dei fire årstidene til norsk.

Årets festspelmusikar Ragnhild Hemsing spelar Vivaldi i Håkonshallen.

Musikk

Scenografien var verknadsfull, og han kosta ikkje Festspillene éi krone: Kloss utanfor Håkonshallens høge, gotiske vindauge blei me på tysdag vitne til korleis uvêret reiv og rugga i dei mektige lauvtrea på Bergenhus festning. Dette medan vårstormen i fyrste sats av fiolinkonserten Våren blei framført på podiet innanfor. Den dramatiske scena var dimed sett for festspelmusikar Ragnhild Hemsings viktigaste konsert under årets festspel. Saman med Barokkanerne framførte ho venetianaren Antonio Vivaldis (1678–1741) Dei fire årstidene frå 1725 i ei ny omarbeiding for hardingfele, no under tittelen «De fire norske årstider».

Nye sider

Å spela denne fiolinmusikken på hardingfele har noko føre seg. Der finst nemleg eit barokkinstrument som liknar på hardingfela i både lyd og utsjånad, nemleg viola d’amore, som også Vivaldi skreiv ei rekkje solokonsertar for. Den meir statisk klåre klangen av hardingfela passa då òg ofte underleg godt til «årstidene». Hemsings naturlege spelemåte, den klokkereine intonasjonen og evna til å integrera folkemusikkens intrikate ornamentikk i dei barokke melodiane – slikt fekk fram nye sider ved Vivaldis mest kjende konsertsamling.

Heilt uproblematisk var omarbeidinga likevel ikkje. I det fyrste stykket, «Våren», fungerte det bra. Men seinast i det andre, «Sommaren», merka ein at soloinstrumentet sleit med å hevda seg dynamisk andsynes orkesterfiolinane. Solostemma var transponert ned i fleire av solopartia, truleg for å høva betre på hardingfele. Dimed blei parti som bør klinga briljant, for kraftlause. I det fjerde stykket, «Hausten», er der mange dobbeltgrep, og her fungerte hardingfela ypparleg. Meir problematisk var dei snøgge «replikkvekslingane» som går føre seg mellom solisten og fiolinane. Røystene blei for klangleg ueinsarta.

Uturvande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement