Film

Yes, Crime Minister

Etter eit særs bra svensk unntak i fjor er påska nok ein gong britisk. Kanskje litt i overkant, til og med.

Årets påskekrim på NRK er basert på verkelege hendingar.
Årets påskekrim på NRK er basert på verkelege hendingar.
Publisert

Filmatiseringa av Kerstin Ekmans Hendelser ved vann var verkeleg eit påskekrimhøgdepunkt i fjor. Årets satsingar er mest av alt prega av kven som driv og fiktivt døyr på Dei britiske øyane, og berre éin av dei skil seg ut, noko han verkeleg gjer.

I famnen til ein mordar (NRK, tilgjengeleg frå 22. mars)

Det er lenge sidan sannkrim var noko som berre vart laga podkast av. Filmatiseringar er kjempebutikk, men i mange tilfelle gjer historiene seg best i denne forma.

Årets hovudkrim frå Rikskringkastinga tek for seg ei underleg sak som gjekk føre seg i Buckinghamshire i 2015. Unge Ben Field (glimrande guffent spelt av Èanna Hardwicke) har funne ein glimrande måte å tena til livets opphald på – ved å utnytta gamle menneske på eit vis som nesten ikkje er til å tru. Som med alle sannkrimar veit ein slutten, heile premissen er at misgjerningar har skjedd, så som klassisk påskekrim vil kanskje sjåaren verta skuffa. Eg trur likevel du skal vera flink om du klarar la vera å sjå neste episode.

Dalgliesh (TV 2, tilgjengeleg, lineært frå 25. mars)

Så var han tilbake på skjermen, den poetiske detektiven til P.D. James, i ny utgåve for to år sidan, eit gjensyn eg var svært nøgd med. Eg må vel seia at det ikkje er enormt overraskande at det blir trauste greier når oppskrifta skal repeterast, men så er det jo som med påskelam – må ein ikkje alltid ha rosmarin, liksom? Ikkje spør meg, eg likar ikkje eingong lammekjøt, men Dalgliesh gjer jobben, og eg har spart ein episode til dessert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement