Bok

Ytringsfridom ifølgje sekulær fornuft

Humanist Forlag har gjeve ut ei samling artiklar som kan hende er i overkant samstemte, og med von om å hjelpa den nye ytringsfridomskommisjonen.

Ytringsfridom: Fanny Bråten i organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge reiv sund Koranen på ei markering på Eidsvolls plass i slutten av august i fjor.
Ytringsfridom: Fanny Bråten i organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge reiv sund Koranen på ei markering på Eidsvolls plass i slutten av august i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Kvifor ei bok om ytringsfridom nett no? Forordet gjev eit svar. Regjeringa oppnemnde i 2020 ein ny ytringsfridomskommisjon som skal leggja fram ei innstilling i 2022. Og kvifor det? I 1999 la ein tidlegare kommisjon fram innstillinga si. Skulle ikkje det vera nok? Kva har endra seg sidan då?

Det er sjølvsagt internett og sosiale medium. I dei gode, gamle dagane då media var papiraviser og vi berre hadde ein statskringkastar, var det eit tynt sjikt av befolkninga som kunne ytra seg, og dei vart haldne på plass av strenge lover som hindra injuriar og blasfemi. Oda Rygg gjev i sitt bidrag i denne boka ei levande skildring av korleis ho som debattansvarleg i ulike aviser, måtte stogga valdeleg retorikk. Det var ei slik medieverd den førre ytringskommisjonen tenkte innanfor.

Men med internett kan kvar og ein nede i det skumle folkedjupet seia kva som helst. Vi har, ifylgje forordet, fått «skrikhalsene» på ytre høgre som tykkjer «at det er greit å være ufyselig, fordi det ikke er ulovlig». Medan «Sterke krefter, primært til venstre», og her kunne det vore lagt til religiøse og særleg muslimske krefter, «ønsker på sin side å innskrenke ytringsfriheten, ikke minst for å beskytte minoritetsaktører mot nettopp disse problematiske ytringene». Dette illustrerer Even Gran i sin artikkel i boka der han fortel om kva som hende då blasfemiparagrafen vart vedteken avskaffa i 2008. Då klarte Liv Signe Navarsete å flytta innhaldet i denne paragrafen over i rasismeparagrafen, ei lita stund, før Stoltenberg vart pressa til å gripa inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement