Utsyn frå Inderøy

Åtakskrig mot fredeleg granne

Ein dag kjem president Putin til å sjå utgiftspostane på det altfor store arbeidsbordet sitt.
Ein dag kjem president Putin til å sjå utgiftspostane på det altfor store arbeidsbordet sitt.Ein dag kjem president Putin til å sjå utgiftspostane på det altfor store arbeidsbordet sitt.
Publisert

Ein av spådomane som Aleksandr Solzjenitsyn fekk rett i, var at Sovjetunionen ikkje kunne overleva som eigen stat. Spesielt var han oppteken av dei tre baltiske landa, Estland, Latvia og Litauen, med folk som han vart godt kjend med og fekk stor vyrdnad for da han var i fangeleirane.

Han hadde det same synet på dei sentralasiatiske statane. Men Ukraina såg han heilt annleis på. Banda mellom det historiske Russland og Ukraina var så sterke og rotfesta at dei måtte utbyggjast vidare, ikkje brytast ned. Han hadde vakse opp i grenseområdet og snakka russisk med tydeleg ukrainsk aksent, og utan tvil hadde det sitt å seia for han.

At han med sin bakgrunn skulle ha godkjent Putins offensiv no i februar, trur eg ikkje på, men vi veit det ikkje for visst. Sannsynleg er det ikkje.

Ved sida av verdskrigen har det knapt vore ei verre ulykke for det ukrainske folket enn dei fylgjene Stalins kollektiviseringspolitikk fekk for den ukrainske nasjonen for to ættleder sidan. Så brutale hadde metodane vore at dei tyske åtakskolonnane vart helsa som frigjeringsmenn av mange ukrainarar da dei kom. Det kosta svært mange menneskeliv og store øydeleggingar før det gjekk opp for dei at det, mildt sagt, var ei grov og naiv feilvurdering.

Såra etter Putins krig vil bruka lang tid på å gro, anten han har forrekna seg eller ikkje. For oss lekfolk er det vanskeleg å sjå at ukrainarane kan greia seg mot ei så sterk militær overmakt som den russiske, men det er grunn til å minnast eit av dei få visdomsorda frå Ronald Reagan: «Folk skjønar ikkje at ein skodespelar kan vera politikar. Eg skjønar ikkje korleis eg kunne ha greidd denne jobben om eg ikkje hadde vore skodespelar.»

Og presidenten i Ukraina er altså skodespelar, med evne til å mobilisera dei han treng hjelp frå som forsvararar. Om det er nok, veit heller ikkje ekspertane, men dei første dagane gjekk krigen nokså mykje dårlegare for Putin og hans menn enn han hadde rekna med. Om det kan vara ved, veit vi lite om på den tilskodarplassen vi har fått tildelt. Det utstyret som den russiske krigsmakta har køyrt fram, er imponerande, ikkje minst dei nye flammekastarvariantane av det som vart kalla «Stalin-orgel» under den andre verdskrigen. At dei som sit i bomberomma og syng den ukrainske nasjonalsongen, skulle ha ein sjanse mot så mykje tungmetall og teknologi, verkar lite truleg, same kor godt dei held songtradisjonane sine ved like.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement