Det aktivistiske KGB
Wien 20. august 1983, spionmøte mellom (frå venstre) Arne Treholt og russarane Gennadij Titov og Aleksandr Lopatin.
Foto: Politiet
Professor Sven G. Holtsmark ved Forsvarets høgskole leverte i november eit drabeleg slakt av Alf R. Jacobsens bok Stalins svøpe. KGB, AP og kommunismens medløpere. Mellom dei penaste uttrykka er kjeldemisbruk, sitatfusk og kunnskapshol, pluss hang til konspirativ tenking.
Grunntanken i Jacobsens bok er at Sovjet-venlege sosialistar i Arbeidarpartiet fekk kontroll over tankane og det ideologiske arbeidet i partiet. Tydelegast var det i innsatsen til Jens Evensen og Arne Treholt, men det var andre òg, mange av dei med fotfeste i den norske utanrikstenesta. Fleire av dei er namngjevne, og mykje i boka er gamalt stoff – såleis er det som Jacobsen skriv om Treholt og Jens Evensen, ikkje anna enn å slå inn dei dørene som Treholt sjølv har opna, noko han er ute av stand til å lata vera.
Mellom dei medskuldige, ofte på grunn av naivitet, peikar Jacobsen ut Rolf Andvord, i mange år norsk ambassadør i Moskva, og fordi han var homofil, eit lett bytte for russiske agentar.
Dei vurderingane Jacobsen siterer frå rapporteringa frå Andvord, ber ikkje bod om sikker vurderingsevne frå Andvords side. Eit hovudargument for Jacobsen er at Andvord var ein diplomat som hadde så høge tankar om seg sjølv at han skulle ha vore stansa.
Andre som Jacobsen trekkjer fram, er Per Jahn Gulowsen, som var svært aktiv som sendemann i Athen under dei greske oberstane. Eg hadde mykje kontakt med han i dei åra, han var alltid venleg og ein nyttig kontakt. Jacobsen mistenkjer han for å fôra russarane i Athen med interessant materiale, men han fører ein tvilsam argumentasjon for påstanden sin.
Jacobsen tek grundig for seg rykta om at sovjetiske KGB-agentar, med Gennadij Titov og Viktor Grusjko i spissen, brukte verksemda si i Noreg til å byggja opp sin eigen karriere i KGB. Slik Jacobsen framstiller dette, brukte dei personlege kontaktar med Werna Gerhardsen i dette spelet. Her er Jacobsen på farleg grunn; noko av dette kan vera rett, for alt vi utanforståande kan vita, problemet er at ein ikkje kan vita sikkert kva slike agentar skryter på seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.