Utsyn frå Inderøy
Eit flaggskip gjekk tapt
Det russiske flaggskipet «Moskva» etter at det «lukkast» med å avskjera eit par Neptun-missil frå Ukraina.
Ammunisjonslageret på det russiske flaggskipet «Moskva» vart utsett for ein fulltreffar denne månaden, og det same hende med eitt av ammunisjonslagra på den hypermoderne tyske kryssaren «Blücher» i Drøbaksundet i morgontimane tysdag 9. april 1940. Resultatet vart det same, og jamvel vi lekfolk forstår at eit ammunisjonslager ikkje har godt av slikt, ikkje dei mange som er om bord heller.
No veit vi ikkje heilt sikkert om det var slik det gjekk føre seg, men det vi veit, er at «Moskva» er gått over i historia. Heller ikkje flaggskip, same kor stor symbolverdi dei har, overlever slike katastrofar, same kor godt bygde dei er. Dermed har den russiske krigsflåten notert seg for enda eit alvorleg tilbakeslag som admiralane hadde teke sikte på å unngå. Det hjelper lite med fargerike rader av ordenar, og for den russiske militærmakta er det eit nytt sviande prestisjenederlag etter alt det som har hendt sidan 24. februar.
For president Vladimir Putin er det lite anna å gjera enn å bita tennene saman og lova at krigslykka skal snu. Men to månader inne i ein krig, der mykje har vore gale køyrt og rangt velta, og det med eit propagandaopplegg som heller ikkje har vore av det finsnikra slaget, står krigsveteranen Putin som noko heilt anna enn den han helst hadde ynskt å vera, og Ukraina står med ein heltestatus som presidenten i landet var visst å trekka fordelar av. Han er skodespelar, og han er i ferd ned å gjera Ronald Reagans ord til sine: «Folk lurer på korleis en politikar kan greia ein slik jobb med min bakgrunn. Dei bør sjå heilt annleis på det: Eg har inga aning korleis eg skulle ha makta dette om eg ikkje hadde hatt røynsle som skodespelar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.