Utsyn frå Inderøy

Eit meir aktivt diplomati

Den franske presidenten Emmanuel Macron og den russiske presidenten Vladimir Putin møttest til samtalar i Moskva måndag denne veka.
Den franske presidenten Emmanuel Macron og den russiske presidenten Vladimir Putin møttest til samtalar i Moskva måndag denne veka.
Publisert

Frå både tysk og fransk side har det kome fart i det internasjonale diplomatiet, i von om at den ukrainsk-russiske krisa skal kunna verta avverja, eller i det minste dempa. Den nye tyske regjeringssjefen har vore i Washington, og den franske presidenten tok seg ein tur til Moskva for å møta Vladimir Putin der, ei form for verksemd som franskmennene ikkje har vist på lang tid.

Etter at Angela Merkel vart skifta ut, har etterfylgjaren hennar vore merkeleg passiv, og reisa til USA er det første teiknet på at den nye leiaren i Berlin ser for seg ei anna og større rolle i månadene framover.

Det er lite truleg at den ukrainsk-russiske krisa kan meistrast utan tyske bidrag. Tyskland kjem ikkje unna det ansvaret som landet har, med sin plass i Europa og i EU, og turen til Washington er det første teiknet på at den nye forbundskanslaren vil ta på seg ei større rolle i utanrikspolitikken.

Det er tenkjeleg at tyskarane omsider ser at dei, eller resten av EU, for den del, må kome seg ut av passiviteten som Olaf Scholtz har vist i desse seks første vekene i det nye året. Tomrom vert ofte fylte, og det er vanskeleg å sjå at det vil tena andre interesser enn russarane sine dersom det vert Putin sikrar seg større handlingsrom. Det meste tyder på at Putin har teke mål av seg til ein plass som stormaktsleiar, ein tankegang som fell naturleg for den som er påverka av det som frå gamalt av sit i veggene i Kreml.

For den franske presidenten er det ikkje naturleg med passivitet, kor lite Macron enn minner om folk av de Gaulles format og tenking. Men Macron har vist få teikn til å gå i fotspora til dei meir nasjonalistiske franske statssjefane.

Ein annan ukjend faktor ligg i Washington, der ingen kan vita kva for planar Donald Trump vil smi med sikte på valåret i 2024. At han har appetitt på fire nye år som president, er meir enn truleg. Og ingen kan vera trygg på korleis den neste valkampen vil arta seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement