Utsyn frå Inderøy

Festen er over for Boris

I parlamentet slåst Boris Johnson for livet sitt i Downing Street nr. 10.
I parlamentet slåst Boris Johnson for livet sitt i Downing Street nr. 10.
Publisert

Det Boris Johnson har satsa på denne etterjulsvinteren, er at for få av dei konservative medlemene i Underhuset skal samla seg om å kasta han som partisjef og dermed få han avsett som statsminister.

Regelverket for ein slik prosedyre er tungvint og lite oversiktleg, og det vert ikkje lettare av at det stadig gjennomgår endringar. Dermed er utfallet av dette spelet uvisst, for eit spel er det, og med bråk, ståk og tilrop som ville ha enda med refs og høgtlesing frå regelverket om stortingspresidenten i Noreg hadde opplevd så usømelege ting.

Det usømelege ligg i at vi i Noreg ville ha tolka det som regelbrot, men i Storbritannia ser dei litt meir romsleg på slikt, og desse tilropa er lite å ta på veg for. Men for den som er van med det korrekte som er mønsteret i det norske Stortinget, er det eit lite sjokk å oppleva det første gongen.

Det som i utgangspunktet er problemet for Boris Johnson, er at han er ein rabagast og tykkjer det er heilt i orden å oppføra seg som det. Men han risikerer framleis avsetjing fordi han absolutt skulle ha ein fest i statsministerbustaden, om tilstellinga aldri så mykje kolliderte med ei sørgjehøgtid den kvelden prins Philip låg for døden.

Same korleis ein ser på det, var det mange som fann at dette var for drygt, og det vart understreka berre nokre dagar seinare da dronning Elizabeth måtte sitja mo åleine under sørgjehøgtida etter 70 års ekteskap.

Midt oppe i alt dette har Boris Johnson ikkje vore raus med å gi korrekte opplysningar, og det har ikkje teke seg pent ut. Som om ikkje det var nok, har hertugen av York, den nest eldste sonen til dronninga, oppført seg slik at dronninga har teke frå han dei kongelege ærestitlane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement