Utsyn frå Inderøy
Julefest
Ketil Haugsand var av dei minst tungbedne lærarungane når nokon måtte opptre på scenen 3. juledag på Folkvang. Han blei sidan cembalist, instrumentmaker og dirigent.
Foto: Ringve Musikkmuseum
Oppdraget gjekk på omgang mellom lærarane på Sakshaug skole. Etter tur skulle dei setja opp programmet for julefesten på Folkvang 3. juledag, og den ansvarlege læraren leidde festen og var konferansier.
Noko så fint og framandt heitte det ikkje, men vi snakkar om harde realitetar her. Dei som skulle medverka, var stort sett tungbedne, og dermed gjekk det som det måtte: Om det inga anna råd var, var det lærarungane som måtte til pers.
Med oss var det inga medkjensle, det hadde seg slik at dei minst disiplinerte var presteungane og lærarungane, og det var liten tvil om makttilhøva.
Far var ikkje så hard i klypa og hadde det litt ugreitt med at hans eigne skulle opp på scena når dei ikkje ville, men det endra ikkje på realitetane, slett ikkje. Så den einaste trøysta var at det ville gå minst tre år, kanskje fire, før klokka og kalenderen kalla att.
Eg trøysta meg med det eg las i avisene; ute i verda var det verjelause born som hadde det verre. Men for den som ikkje var fri for sceneskrekk, var det ei tung bør.
Det var verst for dei som vart utvalde til å syngja, og som altfor vel visste at dei ikkje hadde songrøyst. Eg kjende med dei, for sjølv var eg totalt udugande som teiknar, og eg tenkte med gru på korleis det ville ha verka om eg skulle ha vist fram ei teikning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.