Utsyn frå Inderøy

«Lik insekt som vi spyttar ut»

Vladimir Putin tala til folket sitt i samband med at det var åtte år sidan Russland tok Krim-halvøya frå Ukraina i 2014.
Vladimir Putin tala til folket sitt i samband med at det var åtte år sidan Russland tok Krim-halvøya frå Ukraina i 2014.
Publisert

Alle vel vi dei ordbileta vi vil ha, og president Vladimir Putin meinte vel at han fann høvelege statsmannsuttrykk da han i førre veke hadde ei feststund på det som i gode, gamle dagar heitte Lenin-stadion i Moskva, og samanlikna kritikarane og motstandarane av krigen med «innsekt vi spyttar ut».

Dermed fekk han sagt kor mykje respekt han har for motstandarane sine, og kva dei kan ha i vente i tida som kjem.

Øydeleggingane av bustader i storbyar som Kyiv og Mariupol, med Lviv og andre senter på ventelista til herskaren i Kreml, sender syrgjeleg nok tankane i retning av det vidgjetne nazisitatet «vil de ha den totale krigen?», og det trudde mange tyskarar i 1943 at dei ville.

Det er eit godt døme på at ein skal vera varsam med det ein ynskjer seg; det hender at det går i oppfylling. For Putin, så langt, har meir gått i oppfylling enn han tenkte seg da han starta krigen 24. februar, og enden har vi ikkje fått glimt av, ikkje enno. Derimot har vi fått målande bilete, i tillegg, av standarden på den propagandaen som Kreml fører til torgs.

Den stilfulle samanlikninga med insekt i munnen er eit bilete som nazistane godt kunne ha mana fram, og utan at det er slikt som held Vladimir Putin vaken om natta, er det av dei ting han kjem til å verta hugsa for når rekneskapen skal gjerast opp. Det er ein pris som ikkje kan gjerast opp i pengar, same kor høg han vert når vi kjem så langt.

Putin vart i fleire år sett på med stor respekt, ikkje minst på grunn av at han verka meir tillitsskapande enn den sjukelege Boris Jeltsin. Det skulle ikkje vara lenge, viste det seg da «den væpna aksjonen» brått sette inn. Og så kom insektsamanlikninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement