Utsyn frå Inderøy
Magdalena Andersson
Magdalena Andersson held pressekonferanse.Magdalena Andersson held pressekonferanse.
Foto: Jessica Gow / TT / NTBFoto: Jessica Gow / TT / NTB
Det meste var enklare i gamle dagar. Den finske presidenten heitte alltid Urho Kekkonen og vart attvald kvart fjerde år. Den norske statsministeren heitte Einar Gerhardsen, den svenske regjeringssjefen heitte Tage Erlander, og dei to vart alltid attvalde, dei med. Svenskane har eit ord for det: Ordning och reda. Og slik er det, for slik var det.
Ein ven som alltid fylgde med, tusla skamfull rundt her om dagen fordi han ikkje kunne plassera eit namn berre fordi det var flunkande nytt, så nytt at han ikkje hadde høyrt det før. Korleis skal ein ha styr på verda da, for ikkje å snakka om å ha det oversynet ein treng?
Dama, for det er slutt på den tida da det berre var magre menn som sikra seg høge og mektige stillingar i samfunnslivet og politikken, heiter Magdalena Andersson, og ho har så beinharde augo at ho kunne ha vore mann. Ho vart finansminister da Stefan Löfven vart svensk statsminister denne hausten. Det hjelpte ikkje det minste at han tok avskil, for ho vart statsministerkandidat før nokon fekk sukk for seg, og enklare vart det ikkje at ein kvinne med eit så bibelsk fornamn låg an til å verta svensk regjeringssjef.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.