Utsyn frå Inderøy
Men skypumper vert vi sparte for
Leivningar etter ei kyrkje i Mayfield i Kentucky, der ein av tornadoane råka 11. desember 2021.
Foto: Adrees Latif / Reuters / NTB
Eg hadde ein slektning som var så glad for å bu i Oslo.
– Her er vêret alltid bra, sa han og stirte ut på Oslo-skodda, som eg tykte var fæl og utriveleg, og som eg brukte fleire år på å venja meg til.
– Tenk på alt vi vert sparte for, sa han, vestlandsstormar og høljeregn, og om sommaren er det sol, og den tropiske varmen slepp vi òg.
Det var berre så vidt han vart lei seg når snøen smelta, det var knapt at han tykte vintersesongen vart lang nok. Han hadde vore eitt år i USA, og der hadde han opplevd, og overlevd, eit par skypumpesystem som hadde rasert nokre småbyar i nærleiken.
Det hende at han fortalde om alt desse skypumpene øydela, og eg skreiv det meste på kontoen for amerikanske overdrivingar. Etter åtte år i USA nokre år seinare gjekk det opp for meg at han hadde snakka sant.
Den første helga no i november gjekk det med over tusen heimar og om lag hundre fredelege amerikanarar i det verste skypumpesystemet eg har høyrt om, der delstatar som Kentucky og Tennessee vart råka. Det er øydeleggingar så nådelause, og ein trur knapt nok det ein får sjå på nært hald, og at dei som overlever, gjer akkurat det, så vidt det er. Som bilpassasjer hamna eg eit par–tre gonger i slike system, og ein treng ikkje vera mykje religiøs av seg for å beda inderleg om å sleppa ein runde til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.