Utsyn frå Inderøy
Mobilisering på Gotland
Gotlands Regiment patruljerer øya med stridvogner 16. januar.
Foto: Karl Melander / TT News Agency / Reuters / NTB
Då den svenske forsvarsministeren Peter Hultqvist kunngjorde at motoriserte panserstyrkar skulle sendast til Gotland, var det tenkt som eit svar på den russiske styrkeoppbygginga ved grensa mot Ukraina. Rimeleg nok var det oppfatta som det, og ikkje berre av opinionen på svensk side. At det skulle finnast eit russisk trugsmål mot svensk område, verka lite truleg, men spelet omkring Ukraina har element som sender augnebryna i vêret fleire stader enn i Stockholm, og derfor fylgjer folk med i store delar av Europa – og i USA.
Målt i kilometer er ikkje avstanden mellom Baltikum-landa og Gotland så stor, og av øyane i Austersjøen er det fleire enn Bornholm som har strategisk interesse. Det fekk danskane ei barsk påminning om i 1945, da russarane bruka lang tid på å koma seg vekk frå Bornholm etter ein langdryg okkupasjon etter frigjeringa i 1945. Dette hadde vore tyskokkupert område etter at Danmark spela ei viktig rolle etter 9. april 1940, og Bornholm vart langt meir sentral under den kalde krigen enn vi var merksame på her i Norden. Under Cuba-krisa i 1962 var det danskane som oppdaga at dei sovjetiske skipa som stemna ut frå hamner i Baltikum, stansa opp og/eller snudde, kursendringar som John F. Kennedy vart glad over å få bodord om. Det gjekk lang tid før dette vart kunngjort av USA.
Det var eit par episodar, nokre av dei svært alvorlege, med grensekrenkingar og nedskyting, under den kalde krigen, der Sovjetunionen meinte at svenske fly kom for langt aust, og svenskane var jamnast svært atterhaldne med detaljane om det som hadde hendt. Med den nye situasjonen på grensa mot Ukraina har det kome nytt liv i den svenske diskusjonen om tilhøvet mellom Nato og Stockholm. Ofte har det vore nærare enn Stockholm har snakke for høgt om, og Kreml nyttar høvet til å seia frå om auka interesse for meir militært samarbeid. Det er ikkje i russisk interesse, men debatten om tilhøvet mellom Russland på den eine sida og dei baltiske landa på den andre har fått nytt liv i takt med det som hender eller ikkje hender ved den russisk-ukrainske grensa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.