Utsyn frå Inderøy
Når politisjefar vert bura inne
Dåverande sjef for det danske etterretningspolitiet Lars Findsen på ein pressekonferanse i København i 2017. No er han varetekstfengsla.
Foto: Liselotte Sabroe / Reuters / Scanpix / NTB
I Stalins tid vart dei ofte det, og gjernast gjekk det dårleg med dei. Den harde lagnaden dei hadde målt ut for andre, vart deira eigen, og det var gjennomgåande ingen nåde.
Det finst bindsterke verk om både Lavrentij Beria og fleire andre handlekraftige og nådelause bødlar, og dokumenta om Beria er fengslande lesnad for oss som har makaber sans for slikt. Han visste kva han hadde i vente, men sat og skreiv brev på brev til dei som hadde arrestert han, og som gav ordre om at han skulle skytast. Slik gjekk det òg.
Enka hans og sonen har skrive interessante memoarar. Det tok litt tid før dei kom, dei låg i høge stablar på to av dei eksklusive bokhandlane på Nevskij Prospekt i St. Petersburg. Saman med mellom andre Tolstoj, Dostojevskij og Nabokov. Å, det var tider for oss bokinteresserte.
Det går nok ikkje fullt så ille for sjefen i det danske etterretningspolitiet (PET), Lars Findsen, men forhandlingane han skal ha med pensjonsstyresmaktene i København, kan verta fengslande når ting kjem så langt. Han vart bura inne like over årsskiftet, og skandalen vart kjend for full musikk 10. januar. «Det er mig ubegribeligt og ufatteligt, at sådan en person og profil på nogen måde har motiv til landsforræderisk virksomhed», sa tidlegare operativ sjef i PET Hans Jørgen Bonnichsen, som hadde Findsen som sjef i 2002–2007.
Findsen seier at han ikkje har gjort noko gale, og lovar at han vil forsvara seg. Det han er skulda for, er to ting: lekkasjar til den danske pressa om at han har samarbeidd altfor nært med andre allierte, ikkje minst med USA. Dette kan vera svært interessant for mellom anna norsk etterretning, og det er lite truleg at vi får vita spesielt mykje om det. Findsen får temmeleg sikkert saka si for stengde dører, og like sikkert er det vel at ho går etter 3T-prinsippet: Ting tek tid.
I slike saker vert det alltid diskusjon om kva som er verst: Det som har hendt, eller det at det vert kjent. For oss pressefolk er det siste viktigare, men vi er no kjende som nokre samvitslause snokar. Dansk presse har det travelt, men beitet er magert, og ekssjef Findsen kjem nok ikkje til orde på så mange pressekonferansar. Vi får sjå, eller kanskje er det nett det vi ikkje får.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.