Nyttår i Washington
Trump-tilhengjarar storma Kongressen 6. januar 2021, det hardaste åtaket på regjeringa i USA sidan krigen mot britane i 1812.
Foto: Leah Millis / Reuters / NTB
Når amerikanske politikarar har bestemt seg for at det er noko dei ikkje vil, da bestemmer dei seg til gagns. Og når dei nektar å møta til høyring i Kongressen, er det ei prinsippsak for dei, spesielt dersom dei er høgreorienterte republikanarar.
Denne veka er det om å gjera å få vist at dei ikkje vil vedgå at dei – eller altfor mange av dei – var farleg nære å gjennomføra eit kupp mot ein lovleg vald president. I mange land er det ulovleg å driva med slikt, og det var det dei gjorde for eitt år sidan, den 6. januar i fjor. Lovverket kan brukast mot slikt, og det er bortimot sikkert at det vil verta brukt når januarsesjonen opnar denne veka.
For ikkje å bruka sterkare uttrykk vil dette kludra til prosessen fram mot mellomvalet i november, ein prosess som såg ut til å verta vanskeleg nok frå før. For dei republikanarane som er av den nokså sære oppfatninga at demokratane stal valsigeren i november 2020, er ingen middel for grove til ikkje å brukast mot den sitjande presidenten og det syltynne fleirtalet som demokratane har i Kongressen. Det vert mykje rot av dette gjennom resten av valåret, og det vert fleire og fleire som reiser spørsmålet om det amerikanske systemet er i stand til å fungera fram til presidentvalet i 2024.
Korleis hamna amerikanarane i eit slikt uføre? Prosessen har ikkje alltid vore heilt oversiktleg, langt ifrå. Kor mykje verre det ser ut no i 2022, kan vi diskutera i lang tid framover, men pessimistane vil få mykje å tyggja på gjennom dei neste ni månadene.
Om ein skal fastsetja ein startstrek for desse komplikasjonane, kan ein kanskje byrja med uroa omkring det førre mellomvalet, da republikanske aktivistar laga sine eigne grupper på sida av det vesle som finst av partiorganisasjonar. Dei gruppene som ville driva for seg sjølve, valde å gjera nett det, og den sentrale leiinga – i begge dei to store partia – var så å seia maktlause. Slik fekk dei halda på, og den eine replikken som demonstrerer maktesløysa, kom frå den demokratiske senatoren frå West Virginia da han vart spurd om han ikkje lèt seg pressa.
– Eg er frå West Virginia, og eg kan ikkje pressast til noko, svara han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.