På tur med Kåre Willoch

Kåre Willoch fotografert i november 1977.
Kåre Willoch fotografert i november 1977.
Publisert

Det kom overraskande på dei aller fleste, både i og utanfor Høgre, da Kåre Willoch som avgått statsminister tok til å ytra seg så kritisk om Israel og med så sterk sympati for palestinske synspunkt som han seinare gjorde. For meg var det venta, ikkje fordi eg har spesielle evner som synsk analytikar – langt derifrå – men fordi eg hadde høyrt desse vurderingane frå han så tidleg som i 1977, da eg som journalist reiste saman med utanrikskomiteen i fleire land i Midtausten.

Det var fire statsministrar med: Per Borten, Trygve Bratteli, Lars Korvald og altså Willoch. Odvar Nordli var statsminister og var heime i Oslo, men dette reisande seminaret var svært nyttig. Vi fekk vera med på mest alle møta med unntak av sesjonen med president Assad i Syria – som nekta å tru at Berit Aas var medlem av komiteen. I hans verd kunne kvinner ikkje brukast til anna enn sekretærar og knapt nok det.

På sengekanten før frukost var Willoch alltid i godt humør og svært frittalande medan han kledde på seg, og han var det ikkje mindre under dei meir formelle møta. Det verka også sterkt på han at den israelske statsministeren, Yitzhak Rabin, valde å visa seg frå si minst sjarmerande side, medan den egyptiske statssjefen, president Anwar Sadat, viste all sin arabiske sjarm og fekk dei to representantane frå Kristeleg Folkeparti til å bryta ut: No skal det bli godt å koma til Israel!

Rabin syrgde for at det ikkje vart så enkelt, det heller, og Shimon Peres var ikkje i stand til å dempa det firkanta inntrykket som Rabin gav. Kong Hussein av Jordan, som enno ikkje var merkt av den sjukdomen han vart offer for, brukte også all sin arabiske sjarm på dei norske parlamentarikarane. Det var vanskeleg å fri seg frå inntrykket av at Rabin og dei andre israelarane såg dette som noko nær bortkasta tid.

Da Kåre Willoch vart statsminister i 1981, heldt han for det meste dei israelkritiske synspunkta sine for seg sjølv, og heilt tydelege vart dei ikkje før han hadde vorte felt av Carl I. Hagen i 1986. Men da kom dei til overflata.

Eg drøfta aldri dette med han på tomannshand ut over frukostsamtalane under seminarreisa i Midtausten i 1977, men eg var aldri i tvil om at dette var ting som var viktige for han, og som han ikkje hadde tenkt å fira på; det var noko som han djupt og inderleg meinte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement