Utsyn frå Inderøy
Polsk subtil humor
Det polske rundebordet som ingen kunne spytta over, står framleis dekt i presidentpalasset, som det gjorde i april 1989.
Foto: Adrian Grycuk
President Joe Biden heldt ein nokså barsk tale om Vladimir Putin og krigspolitikken hans for vel ei veke sidan. Ikkje at resultatet vart noko anna enn at Putin vart irritert, men det er det russiske presidentar vert når det kjem kritikk.
Slik kritikk er i seg sjølv grunnlaus og dermed urettvis og kan avvisast som det. Og så kan politikken halda fram – uendra. Det er enklast på den måten.
Biden snakka i Polen, i det landet som får ei av dei tyngste byrdene frå flyktningstraumen som er i vente ved fleire av dei europeiske grensene etter krigsutbrotet 24. februar, ein krig som Europa skal få slita med nokså lenge.
Ekspertane tok feil, slik dei ofte gjer, jamvel i ei tid der optimistane mellom oss trudde at vi skulle vera ferdige med slikt etter 1945. Putin ville det annleis, og i sin djupe visdom er det han som er komen til at han har rett.
Det er all grunn til å tru at makta skal halde fram med å råda i Kreml, ut frå grunnprinsippet at «makt er rett». Da råder det som Henry Kissinger i ei av bøkene sine kallar det innebygde russiske løgnprinsippet – the inherent Russian mendacity. Det er uvisst kor langt attende det strekkjer seg, men vi snakkar om fleire hundreår.
Illustrasjonen denne gongen ligg i påstandane om at Russland ikkje fører krig mot grannestaten Ukraina, men berre har sett i verk ein militær aksjon med uviss utgang. Og per definisjon er denne aksjonen vel grunngitt og rettvis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.