Utsyn frå Inderøy
Sovjetsoldatane som likte seg i Danmark
Russiske soldatar på Bornholm i mai 1945.
Foto: V. Hansen, Berlingske Tidende / Wikimedia Commons
Fredsslutningar er ingen spøk – ikkje alltid. I 1945 tok det tid, lang tid, før danskane fekk vita at den andre verdskrigen var komen til endes, jamvel om marskalk Montgomery hadde kunngjort at dei tyske styrkane i Nazi-Tyskland hadde lagt våpena ned og overgitt seg.
Dei som ikkje fekk vita om det, var dei få tusen danskane som budde på Bornholm, for på dette sommarparadiset i Austersjøen vart dei sovjetiske styrkane verande, og gjennom det meste av 1945 viste dei ingen teikn til å venda heim til det sovjetiske fedrelandet.
Sigeren vart grundig feira i resten av Danmark, men dei sovjetiske soldatane vart ståande på dansk jord. Øyprovinsen gjekk ein uviss sommar i møte, medan resten av danskane feira triumfen over nazistane. Bornholm ligg langt mot aust – det er berre å ta ein kikk på kartet, så ser ein det. Og Stalin hadde sans for landområde som kunne koma til nytte i framtida.
Bornholm skulle da òg kome godt med for USA og Nato mest ein generasjon seinare: Under Cuba-krisa vart det rapportert frå Bornholm om at sovjetiske rakettskip som var på veg mot Cuba, hadde gjort vendereis etter at dei hadde gått ut frå hamner i Baltikum. Danskane passa godt på å halda desse rapportane unna alle kunngjeringar; dei vart ikkje kjende før fleire år seinare, da ei lita gruppe danske ekspertar vart inviterte til å sjå på det danske forsvaret av Austersjøen.
Så lenge dei sovjetiske styrkane vart ståande på Bornholm, skal dei ha oppført seg fint. Det var så gode tilhøve mellom dei danske sivilistane og dei sovjetiske soldatane at danskane aldri har kunngjort kor mange born som vart fødde med sovjetiske fedrar etter sommaren og hausten 1945. Etter alt dei sovjetiske soldatane hadde vore utsette for på den grufulle sovjetiske vestfronten, var det sjølvsagt ein positiv overgang å møta den danske velstanden denne sommaren.
Det har vore skrive lite om dei sovjetiske soldatane på Bornholm den første etterkrigssommaren. Danskane gjekk på gummisålar og gjorde alt dei kunne for ikkje å terga russarane. Alle visste altfor vel kven som var den sterkaste; den kalde krigen var ingen spøk, heller ikkje i denne fredelege fasen, og danskane hadde ingen grunn å yppa til strid eller krangel med den russiske overmakta. Dessutan hadde både Noreg og Danmark lagt seg på ei freds- og brubyggingsline, Nato låg enno nokre år inn i framtida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.