Utsyn frå Inderøy

Til påskemesse i Wien

Du skal velja kyrkjerom med omtanke. Stefansdomen høver slett ikkje for Mozart, skriv Per Egil Hegge.
Du skal velja kyrkjerom med omtanke. Stefansdomen høver slett ikkje for Mozart, skriv Per Egil Hegge.
Publisert

Ingen veit kvar eller korleis haren hoppar, og slik fall det seg at eg vart buande i Wien nokre veker i det førre hundreåret. Det var påske, og eg gjekk til messe i ei av dei mange Stefans-kyrkjene.

Mammon skal ha sitt, påske eller ikkje påske, og plakaten, som var på ungarsk, lova ei framføring av Johannespasjonen; så pass greidde eg å stava meg fram til. Med litt kjennskap til den vidgjetne ungarske songkulturen rekna eg med at dette ville verta to timar som eg kom til å minnast.

Eg møtte i god tid, og kondisjonen var enno solid, så eg blingsa ikkje over at det berre vart ståplass. Med nokre russiske messer under beltet gjennom åra tok eg dette med stor sinnsro, hadde halde litt tilbake med morgonkaffien; dette skulle gå som det burde.

Ouverturen gjekk litt på skeive, men eg rekna med at koret og blåsarane ville spela seg opp nokså raskt, slik Johann Sebastian hadde tenkt det, og det slo til. Beina var enno i god form da koret kom til Jesu død, og det brått og uventa (for meg) gjekk ein svusj gjennom kyrkjerommet, og der låg alle på kne, eller å gruve, som det heiter på litt gamaldags nynorsk slik eg enno hugsar uttrykket hos Olav Duun i dei tidlege og ikkje heilt gode verka hans. For den lokale kyrkjelyden var dette alt anna enn berre ei konsertframføring, det var ei ekte påskemesse.

Og kva var no venta av meg, ein skeptisk trønder frå innbygdene? Eg vart tappert ståande til neste sats, eller Teil, som det heiter hos Bach, og om nokon såg olmt på meg, lét eg meg ikkje merka med slikt.

Det meste går over, og det gjorde dette òg. Så eg fann ut at eg trygt kunne verta ståande, Wien eller ikkje Wien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement