Mobilisering på Gotland
Gotlands Regiment patruljerer øya med stridvogner 16. januar.
Foto: Karl Melander / TT News Agency / Reuters / NTB
Då den svenske forsvarsministeren Peter Hultqvist kunngjorde at motoriserte panserstyrkar skulle sendast til Gotland, var det tenkt som eit svar på den russiske styrkeoppbygginga ved grensa mot Ukraina. Rimeleg nok var det oppfatta som det, og ikkje berre av opinionen på svensk side. At det skulle finnast eit russisk trugsmål mot svensk område, verka lite truleg, men spelet omkring Ukraina har element som sender augnebryna i vêret fleire stader enn i Stockholm, og derfor fylgjer folk med i store delar av Europa – og i USA.
Målt i kilometer er ikkje avstanden mellom Baltikum-landa og Gotland så stor, og av øyane i Austersjøen er det fleire enn Bornholm som har strategisk interesse. Det fekk danskane ei barsk påminning om i 1945, da russarane bruka lang tid på å koma seg vekk frå Bornholm etter ein langdryg okkupasjon etter frigjeringa i 1945. Dette hadde vore tyskokkupert område etter at Danmark spela ei viktig rolle etter 9. april 1940, og Bornholm vart langt meir sentral under den kalde krigen enn vi var merksame på her i Norden. Under Cuba-krisa i 1962 var det danskane som oppdaga at dei sovjetiske skipa som stemna ut frå hamner i Baltikum, stansa opp og/eller snudde, kursendringar som John F. Kennedy vart glad over å få bodord om. Det gjekk lang tid før dette vart kunngjort av USA.
Det var eit par episodar, nokre av dei svært alvorlege, med grensekrenkingar og nedskyting, under den kalde krigen, der Sovjetunionen meinte at svenske fly kom for langt aust, og svenskane var jamnast svært atterhaldne med detaljane om det som hadde hendt. Med den nye situasjonen på grensa mot Ukraina har det kome nytt liv i den svenske diskusjonen om tilhøvet mellom Nato og Stockholm. Ofte har det vore nærare enn Stockholm har snakke for høgt om, og Kreml nyttar høvet til å seia frå om auka interesse for meir militært samarbeid. Det er ikkje i russisk interesse, men debatten om tilhøvet mellom Russland på den eine sida og dei baltiske landa på den andre har fått nytt liv i takt med det som hender eller ikkje hender ved den russisk-ukrainske grensa.
Neste trekk ligg truleg på teiknebrettet hos president Vladimir Putin. Russiske trekk mot Gotland verkar lite truleg, men det kan vera klokt av svenskane å førebu seg på ei større styrkeoppbygging på den strategiske øya – som ligg nærare Latvia enn vi tenkjer over til dagleg her i det vestorienterte Noreg. Det ville vera lite sannsynleg at Russland skulle forgripa seg på svensk territorium, men dei svenske troppekonsentrasjonane er eit varsel om at svenskane fylgjer godt med og vil sjå til at dei kan kjenna seg trygge.
Frå russisk side har politikken vore prega av varsemd og atterhald i dette området heilt sidaen 1945. President Franklin Roosevelt var mest viss på at Stalin ville sikra seg meir finsk territorium enn han gjorde. Han fann det meir strategisk gunstig å øva så sterkt press på Finland at finnane ikkje fann på noko som var i strid med sovjetiske interesser. Frå begge partane si side var dette spelet meir subtilt enn vi forsto i Noreg. Trass i ordbruken er det grunn til å tru at vi vert åskodarar til noko av det same når vi no skal fylgja betre med i spelet om Gotland.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Spelet omkring Ukraina har element som sender augnebryna i vêret fleire stader enn i Stockholm.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.