John Abercrombie
John Abercrombie formidlar elegante og grasiøse frasar på gitaren, gjerne avløyst av råare og uventa tonesprang.
John Abercrombi på scena under Bratislava Jazz Days i 2007.
Foto: Filip Drabek / Wikimedia
John
Abercrombie
Tilrådd lytting:
Timeless (ECM,1974)
Gateway (ECM, 1975)
Gateway 2 (ECM, 1977)
Eventyr (med Jan Garbarek, ECM 1980)
The Third Quartet (ECM, 2006)
John
Abercrombie
Tilrådd lytting:
Timeless (ECM,1974)
Gateway (ECM, 1975)
Gateway 2 (ECM, 1977)
Eventyr (med Jan Garbarek, ECM 1980)
The Third Quartet (ECM, 2006)
Gitarmeisteren John Abercrombie skulle etter planen ha stått på scena på Victoria Nasjonal Jazzscene i Oslo i fjor haust. Eg hadde sett meg ut nett denne konserten alt tidleg i vår, klar for å reisa eins ærend for å endeleg få oppleva ein av mine absolutte favorittar innan moderne jazzgitar på scena. Slik ville ikkje lagnaden det. Abercrombie gjekk bort i august, 72 år gamal.
John Abercrombie (fødd 1944), frå New York, var ei sentral røyst i det nye, opne og klangbaserte jazzuttrykket som oppstod på 1970-talet kring det tyske plateselskapet ECM.
Tidlegare hadde Abercrombie fokusert på meir standard jazzuttrykk og spelt jazzblues og bebop i orgeltrio, men etter kvart som han vart ein del av den nye generasjonen ECM-artistar, utvida han paletten og gjorde innspelingar og konsertar med meir utforskande musikarar, som til dømes 12-strengsgitarist Ralph Towner, sitarspelar Collin Walcott, trompetist Don Cherry, perkusjonist Nana Vasconcelos og Jan Garbarek.
Særleg dei fyrste innspelingane frå midten av 1970-talet med jazzrocktrioen Gateway, saman med bassist Dave Holland og trommeslager Jack DeJohnette, begge kjende for samarbeid med Miles Davis, står sterkt i diskografien hans.
Elegante frasar
Musikken Abercrombie spelar, driv frå eksperimenterande og psykedeliske klangar i ein slags futuristisk Jimi Hendrix-inspirert stil, til meir trygge, velkjende og velspelte standardmelodiar, i tradisjonen etter folk som gitarlegendene Jim Hall og Wes Montgomery.
Eit sentralt element i Abercrombies spel er mykje luft mellom linjene, som om han stoggar og trekker pusten etter kvar frase, og lèt resten av lydbiletet – eller stilla – få vera i fred, til dess han har ei ny linje klar. Dette er ikkje sjølvsagt for improviserande gitaristar eller pianistar, då ein på desse instrumenta kan arbeide opp teknikk som gjer at ein godt kan rasa vidare, og spele så lange linjer over så lang tid ein berre kan og vil. Her har John Abercrombie meir til felles med blåsarar og songarar i måten han vel å byggja opp komposisjonen i augneblinken.
Stilskapar
Forutan å vera ein stilskapar innan gitarimprovisasjon er Abercrombie ein komponist med ei heilt eiga røyst. Sjekk i den samanhengen ut den særs velkomponerte låten «Sing Song», frå albumet Gateway 2. Han er eit godt døme på gitaristens særmerkte skrivemåte, som er både artikulert, nyansert og samstundes open og grenselaus i tolkingsmoglegheiter. Gateway-albuma viser også den makelause gåva han har til sensitivt og lyttande samspel, gjennom både lange friimproviserte strekk og meir gjennomkomponerte parti.
I tillegg til å gje ut mange soloalbum for selskapet ECM har John Abercrombie òg vore sentral som gjestemusikar på ei mengd innspelingar. Her finst mykje storarta musisering å dykka ned i, frå over fire tiår.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eit sentralt element i Abercrombies spel er mykje luft mellom linjene.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.