Musikk

Operaaktig

Pergolesis kyrkjemusikk er mykje meir enn berre Stabat mater.

CD

Giovanni Battista Pergolesi:

Messe og motett

Coro e Orchestra Ghislieri; dir.: Giulio Prandi. Arcana 2018

Pergolesi kan eg ikkje høyra meg mett på. Han er ein av dei komponistane der eg merkar at alt i musikken stemmer; der er ein perfekt miks av attkjennelege vendingar – kall dei gjerne flosklar, det er ikkje negativt i italiensk barokkmusikk – som blir vidareførte eller avslutta med uventa vriar. Det er desse vriane som lyfter verka frå det kunstnarleg solide til det geniale.

Gøyr ut teksten

Spesielt spanande er det sjølvsagt at det italienske Coro e Orchestra Ghislieri på denne ypparlege innspelinga gjev oss to verdspremierar på plate: éi messe og éin motett som syner den monumentale sida av Pergolesis napolitanske sakralmusikk, med solistar og doble kor og orkester. Pompøst kling det likevel aldri. Dette har sjølvsagt med den slanke og luftige tonen til Ghislieri-orkesterets styrkarar å gjera, og med den spenstige artikulasjonen i koret; i dei snøgge passasjane «gøyr» dei beintfram ut teksten. Men mest har det likevel med sjølve musikken å gjera, med Pergolesis nyskapande stil, som utgjer eit bindeledd mellom barokken og klassisismen i musikksoga. Sjølv om musikk var ferskvare på 1700-talet og dei fleste komponistane blei gløymde straks dei døydde, oppfatta ein Pergolesi som moderne i mange tiår etter at han gjekk bort. Ja, den komiske operaen La serva padrona (1733) og kyrkjestykket Stabat mater (1736) har stått på speleplanane i operahus og kyrkjer over heile Europa heilt fram til vår tid – dei har ei ubroten framføringshistorie mest utan sidestykke i vestleg kunstmusikk.

Operaaktig

Kvifor finst det då framleis Pergolesi-stykke som ikkje er innspelte? Det er vanskeleg å skjøna: For medan La serva padrona er mellom dei oftast spelte og innspelte barokkoperaane, er resten av operaproduksjonen til Pergolesi temmeleg ukjend, og medan det kvart år kjem unødvendig mange nye CD-ar med Stabat mater, blir resten av kyrkjemusikken hans i beste fall frå tid til anna spelt på konsert. Denne monotonien freistar altså Coro e Orchestra Ghislieri å bryta med.

Pergolesi komponerte si Messe i D-dur i dei siste åra Napoli var under austerriksk styre, før det i 1734 blei erklært som sjølvstendig kongerike under spanjolen Karl av Bourbon. Stilistisk er messa svært mangfaldig tonesett. Den enkle og effektfulle innleiinga av «Kyrie eleison»-satsen må ha verka hypermoderne for samtidspublikumet; hadde Mozart femti år seinare komponert på denne måten, ville ingen ha stussa.

Andre delen av messeleddet, «Christe eleison», er derimot halden i det ein den gongen kalla stile antico, ein strengt utarbeidd fleirstemmig satstype på fugemaner. Men mest overraskande er den påfylgjande «Gloria»-delen. Han læt som ein landleg gledesscene frå ein opera, med festglade nymfer og hyllande hyrdar, og er eit godt døme på kor lite italienske komponistar på denne tida vørde skiljet mellom opera- og kyrkjemusikk.