Å døy er for lettvint

Faksimile frå Dag og Tid 11. november 2022
Faksimile frå Dag og Tid 11. november 2022
Publisert Sist oppdatert

Artikkelen min «Profet utan bodskap» har fått svar frå Bjørn Kvalsvik Nicolaysen og Amund Børdahl.

Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger, meiner at vurderinga mi av forfattarskapen til Georg Johannesen var å «rakke subjektivt ned på Georg Johannesens verksemd, minne og såkalla disiplar», og han legg til at å ta «oppgjer med avdøde personlegdommar er ingen risikosport», dei kan jo ikkje ta igjen. Det ser ut til at Nicolaysen meiner det er umoralsk å kritisera forfattarar som ikkje er i live.

Slik litterær fedredyrking stod fjernt for Johannesen sjølv, som har late etter seg verselina «Å dø er for lettvint». I det vidgjetne essayet «Om den norske nyrealismen» frå 1973 slakta han ikkje berre Kristin Lavransdatter-trilogien til Sigrid Undset, som døydde i 1949, men nytta den polemiske krafta si mot idéhistorikaren A.H. Winsnes, som døydde året før, og mot litteraturforskaren Fredrik Paasche, som døydde i 1943. Slike oppgjer er ikkje kritikkverdige. Utan dei ville litteraturhistoria stå stille.

Nicolaysens innlegg er for det meste minne om Georg Johannesen som lærar ved Universitetet i Bergen i 1970- og 1980-åra, der det ifølgje Nicolaysen vart nådd eit kulturelt høgdepunkt utan historisk sidestykke, for «kan hende aldri før eller sidan har ein opplevd så mykje nytenking».

Vekta i artikkelen min ligg på Johannesens verksemd i 1950- og 1960-åra og litt inn i 1970-åra, der etter mi meining nesten alt litterært verdfullt i verket hans finst. Det er ikkje til å kome frå at denne verksemda skapte beundrande sirklar av tilhengjarar kring Johannesen. I den leseverdige Johannesen-biografien Innerst i hjertet har jeg min forstand syner Alfred Fidjestøl korleis denne krinsdanninga heldt fram gjennom heile karrieren hans.

Eg kallar desse krinsane for «læresveinar», tolka av Nicolaysen som «disiplane som utførte oppgåvene Georg Johannesen pålagde dei». Men her overfortolkar Nicolaysen. Ein læresvein treng ikkje vere sjølvutslettande, og ein læresvein skal sjølv verte meister. Eg meiner heller ikkje at dei som hylla Georg Johannesen var usjølvstendige løpegutar, anten det var Paal Brekke, Jan Erik Vold, Einar Økland eller Kjartan Fløgstad, men at dei beundra og såg opp til han, noko det knapt kan vere tvil om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement