Å forske er å utfordre hegemoniske paradigme
Anders Breidlid er professor ved OsloMet.
Foto: Erik M. Sundt
I sitt siste innlegg, «Makta og den uavhengige forskinga» (13. desember), har Tvedt éi forsonande setning i sitt tilsvar til meg: «Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.» Diverre er resten av innlegget fullt av feilaktige «tolkingar» av utsegna mine. Spesielt er Tvedt oppteken av mine roller som forskar og aktivist.
Utan tvil kan eit politisk engasjement drive ein til å forske. (Det skjer vel med dei fleste forskarar i samfunnsvitskapane.) Men det betyr ikkje at forskingsresultata smeltar saman med engasjementet eller aktivismen. Som forskar har eg lagt vekt på at forsking og aktivisme skal haldast skilde frå kvarandre, noko eg òg understreka i innlegget mitt. Men Tvedt tolkar det motsett, og påstår at eg smeltar saman aktivisme og forsking. Kvar har han dette frå?
Tvedt hevdar vidare at Forskingsrådet aksepterer denne samansmeltinga, og at eg «abdiserer som ansvarleg for eigen praksis og overlèt det til Forskingsrådet». Kva abdisering snakkar Tvedt om?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.