Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Makta og den uavhengige forskinga

«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Edvard Thorup

Foto: Edvard Thorup

10157
20241213
10157
20241213

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Forsking

Noam Chomsky har sagt noko slikt som at den intellektuelle tradisjonen er prega av underdanigheit overfor makta, og at forskaren bør bryte med denne tradisjonen for å kunne drive verdifull forsking. I boka Norske tenkemåter. Tekster 2016–2024 viser eg til fleire døme på at dette ikkje har skjedd, noko som har bidrege til at den politiske konsensusen tidvis har vore nærast kompakt og samstundes hatt ein aura av moralsk høgverdigheit.

Med dette som bakgrunn reiser professor Jarle Simensen ein viktig diskusjon om uavhengig forsking i innlegget «Terje Tvedt og norsk bistandshistorie» (Dag og Tid 6. desember 2024).

Herskande narrativ

For eit par tiår sidan, då eg skreiv studien om utanrikspolitikk, utviklingspolitikk og makt til Makt- og demokratiutgreiinga, fann eg klare teikn på dei tette banda som hadde utvikla seg mellom forskinga (og journalistikken) og statens politikk, perspektiv og mål.

Dei største institutta på feltet, kalla «frittståande», var alle finansierte av Utanriks-, Bistands- eller Forsvarsdepartementet og opererte ofte med eksplisitte «brukarorienterte» formål. Universitet inngjekk avtalar med bistandsstaten om å bli bistandsaktørar og rapporterte til staten om måla dei nådde.

Forskinga om ikkje-europeiske tilhøve var så underordna politikkens mål at det første doktorgradsprogrammet for å byggje opp kompetanse om den ikkje-europeiske verda (i 1986) blei finansiert av Departementet for utviklingshjelp.

Kriteria la vekt på at unge forskarar skulle produsere relevant kunnskap for bistanden. Trass i gode enkeltstudium og utdanningsprosjekt var det idéhistorisk viktig at verda blei sett i det eg kallar oppdragarstatens perspektiv, der den norske staten var i sentrum, omkransa av forteljingar som skulle bidra til å gjere han til ein global «do-gooder».

I dette overordna perspektivet skreiv eg at UD-prosjektet om norsk utviklingshjelps historie illustrerer forskinga si underordning under dominerande tenkemåtar og perspektiv. Dette protesterte altså Simensen, ein av forfattarane, på. Han hevdar ikkje berre at eg tek feil, men at modellen sikra «at forskinga er uavhengig».

Men Simensens opningssetning i hans bind i bistandshistoria underbyggjer nettopp min analyse. Han understrekar, utan atterhald, UDs sentrale rolle i dette oppdragarprosjektet, og at det var planlagt som ein del av nasjonens feiring av seg sjølv: «Initiativet til Norsk utviklingshjelps historie ble tatt av Utenriksdepartementet, som i 1997 vendte seg til Norges forskningsråd og bad om at arbeidet med verket ble igangsatt med sikte på avslutning i 2002. Utgivelsen skulle markere at det var 50 år siden norsk offentlig utviklingshjelp ble startet», og hele «prosjektet skulle finansieres over bistandsbudsjettet».

UD var òg i aller høgaste grad med på å velje ut forfattarar gjennom oppnemninga av styringsgruppa for prosjektet og deltakinga i denne. Sidan Simensen finn det relevant å nemne at eg søkte – som ei antyding, truleg, om at eg er inkonsekvent i vurderinga av prosjektet – er eg nøydd til å gå litt meir i detalj om kva som faktisk skjedde.

Historia om søknaden avdekkjer nemleg meir enn noko anna prosjektets oppgåve om å reprodusere det herskande narrativet innanfor etablerte rammer. Det kravde at eg blei halden utanfor.

Alternative perspektiv

I HIFO Nytt, medlemsbladet til det norske historikarmiljøet, skreiv Tor Egil Førland, seinare professor og instituttleiar ved Historisk institutt på Universitetet i Oslo, eit innlegg med tittelen «Bistandshistorie: Bill.mrk. Kompetanse og erfaring overflødig». Innlegget oppsummerte ironisk, men presist kva som skjedde då Forskingsrådet valde forfattarar som – og her siterte han utlysingstekstens kriterium – verken hadde «førstekompetanse eller særlig forskningserfaring i ulands/bistandshistorie eller dokumentert evne til å skrive for allmennheten», framfor meg som hadde «alt» utlysinga bad om. Eg var landets første professor i utviklingsstudiar, eg var ein av dei som hadde skrive mest og breiast om tematikken, og eg hadde nett stått bak ein TV-dokumentar for NRK som blei seld til mange land.

Førland heldt fram: «Skyldes forbigåelsen at han representerer en alternativ tilnærming til bistandshistorien? Eller at sentrale personer i styringsgruppen ikke liker ham»?» Og: «Moralen for en ung historiker som vil frem i verden (vil) bli at hemmeligheten ikke er å skrive de riktige arbeidene, men å holde seg inne med de riktige personene.»

Då eg søkte, var eg ganske sikker på at eg ikkje ville bli vald, men eg tenkte at situasjonen uansett kunne gi kjelder om korleis forskingssystemet handterte dissens og annleisheit. Difor klaga eg òg på avgjerda. Styringsgruppa svara med å skryte av kompetansen min, men fortalde samstundes i brevet at dei ikkje kunne følgje vanlege kriterium fordi eg blei rekna som ein «risikofaktor» for prosjektet.

Då professor Fredrik Barth, då Noregs utan samanlikning mest respekterte forskar om ikkje-europeiske forhold, fekk høyre om avgjerda, skildra han det som ei av dei klaraste forbigåingane han hadde sett i forskingsrådssamanheng. Han kontakta leiinga der og kritiserte avgjerda. Direktøren i Noregs forskingsråd skreiv så eit brev til meg og beklaga, men forsvarte avgjerda, fordi styringsgruppa ville ha det rette «teamet».

Eg har seinare fått vite at leiinga i styringsgruppa stilte ultimatum: Dei ville trekkje seg om eg blei vald. Med UDs representant som tunga på vektskåla blei søkjaren utan førstestillingskompetanse føretrekt.

Fridom innanfor rammer

Simensen hevdar at det ikkje stemmer at UD hadde rett til å lese gjennom manuset, men eg blei tilbydd same avtale som dei då eg omtrent på same tid blei hyra inn av den forskarstyrte Makt- og demokratiutgreiinga. I boka mi avviste eg likevel å inngå ein slik relasjon, på følgjande måte: «Alt materiale i denne boken er derfor åpent materiale, også for å unngå den lovbestemte kontrollen av manuskript som UD ikke bare ville ha rett til, men være forpliktet til å gjennomføre. Om UD-sensur ville ha oppstått som et problem er usikkert, men hva som uomtvistelig ville ha inntrådt, ville vært den undervurderte selvsensurens makt.»

Om hundre år vil alle sjå at den planlagde jubileumshistoria om norsk bistand, finansiert over bistandsbudsjettet og initiert av UD, var ei historie som i stor grad reproduserte ei tidleg 2000-tals dominerande forståing av bistanden som fenomen innanfor ei rammeforteljing skapt av bistandssystemet sjølv.

Poenget er ikkje å kritisere enkeltforskarar eller moralisere over vala deira. Eg skjønar òg godt Simensens subjektive kjensle av uavhengigheit, og at han reagerte på min analyse om han trudde eg meinte at nokon sensurerte arbeidet hans. Poenget er at det var ein fridom innanfor dei aksepterte rammene og den etablerte tradisjonen. Men om forskarsamfunnet aksepterer at UD-prosjektet blir definert som uavhengig forsking, vil sjølve ideen om kva fri forsking er, snart høyre fortida til.

Problemet hybris

Anders Breidlids innlegg «Etnosentrisme i ein professors tenkemåtar» kritiserar at eg gjorde lesaren merksam på samansmeltinga av aktivisme og forsking i arbeida hans, medan han bekreftar at dette er hans program som forskar. Samstundes gir han att kritikken min som om han handla om at forskinga hans blei finansiert av «skattebetalarane», medan det sjølvsagt handla om at han blei finansiert av det systemet han forskar på.

Han understrekar likevel at også dette er uproblematisk, fordi Forskingsrådet aksepterer denne samansmeltinga. Han abdiserer som ansvarleg for eigen praksis og overlèt det til Forskingsrådet, som på dette feltet er innsausa i dei same ideane om forsking som politikk som han sjølv har.

Det oppsiktsvekkjande er at han skildrar min kritiske analyse av hans og andre politiske aktivistar sine tenkjemåtar og illusjonar om statsbygging i Sør-Sudan som «etnosentrisme». Anten veit han ikkje kva ordet betyr, eller så bruker han det som ein fordømmande merkelapp på all forsking han ikkje liker – no altså om forsking som påviser at dominerande norsk politikk var prega av hybris i forståinga av kva som var mogleg i Sør-Sudan.

Og i staden for å argumentere konkret for kva eg tek feil i, viser han, som i det første innlegget sitt, til andre som har kritisert forskinga mi, denne gongen Helge Pharo. Han unnlèt sjølvsagt å vise til mine artiklar som imøtegår denne kritikken punkt for punkt, både i VG og i Historisk tidsskrift. Han forbigår òg i det stille at Pharo har vore ein motstandar av mi alternative tilnærming til studiar av norsk utviklingshjelp heilt sidan midten av 1990-talet.

Val av tenkjemåte

Han skriv som om eg meiner at han skal «skamme» seg for at han deltok i frigjeringsfeiringa i 2011, men det meiner eg sjølvsagt ikkje. Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar. Det er heller ikkje feiringa i seg sjølv som er problemet, men euforien som rådde, som altså mange, eg inkludert, då var skeptisk til. Det er den som er inngangen til å reflektere over illusjonane som herska.

Heilt konkret hevdar likevel Breidlid at eg driv med «fri fantasi», som han skriv, når eg, for å vise kor sentral han har vore i norsk bistand i Sør-Sudan, nemner at han blei invitert av den nye statsleiinga til den nye staten si feiring. Men opplysninga har eg frå Breidlids eiga bok om Støttegruppens historie, der han skriv stolt at han var «blant de personlige inviterte av regjeringen i Sør-Sudan», som altså Kiir leia. Føresetnaden for sjølvrefleksjon er å sjå heilskapen i si eiga historie.

For meg er det å forske ein måte å tenkje på og ein måte å tenkje om tenkjemåtar på, like mykje som det er ei stadig samling av kunnskap. Det alle forskarar bør frykte mest av alt, er å bli overmanna av tidsånda og dei herskande paradigma si makt, og den faren aukar jo meir brukarorienterte og politisk-aktivistiske vi blir.

Politikk forkledd som forsking undergrev derfor legitimiteten til forskinga.

Om desse avgjerande spørsmåla er Breidlid og eg djupt usamde.

Terje Tvedt er professor i historie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis