Å skyte seg sjølv i foten?

Fjerninga av tilleggspoeng for folkehøgskule synest å vere svært lite gjennomtenkt.

Publisert Sist oppdatert

Raskare oppstart, raskare gjennomføring og betre profesjonsrekruttering er hovudmåla i regjeringas nye stortingsmelding om opptak til høgare utdanning, Meld. St. 20 (2023–2024). Eit viktig framlegg i stortingsmeldinga er reduksjon av tilleggspoeng som søkjarar nyttar for å få plass på populære studium. I dagens system kan ein få opptil 14 tilleggspoeng, i tillegg til kjønnspoeng på nokre studium.

Regjeringa foreslår å redusere dette til tre tilleggspoeng: to for realfag og eitt for avtent verneplikt. Forslaget inneber mellom anna at to tilleggspoeng for verneplikt vert reduserte til eitt, og at to poeng for folkehøgskule vert fjerna. Den nye ordninga er tenkt gjennomført frå 2027.

Det er mange gode grunnar til å forenkle systemet med tilleggspoeng. Likevel synest fjerninga av tilleggspoeng for folkehøgskule å vere svært lite gjennomtenkt.

Eit hovudproblem i høgare utdanning i dag er låg gjennomføring av studium på normert tid og fråfall som medfører bruk av studieplassar utan at det blir fleire utdanna kandidatar. SSB rapporterer om at om lag 50 prosent av studentane både på bachelor- og masterutdanningar ikkje gjennomfører på normert tid, og at om lag 25 prosent ikkje gjennomfører i det heile.

Folkehøgskulanesine eigne tal og undersøkingsresultat frå Danmark syner at eit år på folkehøgskule gjev betre gjennomføringsevne og betre evne til å ta rette utdanningsval hos studentane. I tillegg gjev eit år på folkehøgskule auka sosial kompetanse gjennom å inkludere internatopphald der ein strukturert lever tett med andre, som ein ikkje kan «slå av» som ein skjerm. Professor Bjørn K. Nicolaysen formulerer dette godt: «Danske undersøkingar syner at eit år på folkehøgskule hjelper monaleg på mogninga og gjer studentar tryggare. Å utdanne seg er trass i alt å gjennomgå ein endringsprosess, det krev reorientering på fleire nivå» (Dag og Tid 12. april 2024).

Mange folkehøgskular ligg i små bygdesamfunn. Dei er eit viktig innslag i dagleglivet. Ikkje berre gjennom arbeidsplassar, men òg gjennom lokalt kjøp av tenester og varer, auka deltaking av unge i friviljug arbeid, auka kulturtilbod til innbyggjarane, og – ikkje minst – mange gode ambassadørar for vertskommunen når skuleåret vert avslutta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement