JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Skulifisering og standardisering

Nye reglar for studieopptak kan gje sterkt uheldige fylgjer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nye reglar for opptak til universitet og høgskular vil truleg gje plent motsette verknader enn kva forsknings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og regjeringa ønskjer i Stortingsmelding 20 (2023-24).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

6219
20240412
6219
20240412

Nye reglar for opptak til studium ved universitet og høgskular vil truleg gje plent motsette verknader enn kva ein ønskjer i Stortingsmelding 20 (2023–24), «Opptak til høgare utdanning».

Heretter gjeld berre karakterar for dei fleste, men dei som har gjort verneplikta, kan rekne seg eit tilleggspoeng, og dei med realfag frå vidaregåande to. Ein fjernar tilleggspoeng for alder og kjønn, for framandspråk i vidaregåande, for folkehøgskule, fagskule og anna høgre utdanning. Karakterkravet til matte forsvinn for sjukepleiarane.

«Trekkspeløkonomi»

Problemet med den mekaniserte tenkjemåten syner seg no klårt. I nærare 25 år har prioriteringa vore «gjennomstrøyming». Studentar som ikkje mekanisk maktar å bli ferdige etter planen, har representert eit problem for universiteta, særleg etter innskjerpinga av resultatfinansieringa frå 2011.

Det vil seie at institusjonane får løyvingar etter kor mykje ein har «produsert» av studiepoeng og forskingspoeng, utrekna automatisk, utbetalt to år etter oppnådde resultat. Det gjev ein «trekkspeløkonomi» for mange fagmiljø med vekslande tilstrøyming, brått har ein overflod av studentar og lite folk og pengar til å ta seg av dei, brått er det motsett, som nett no i fleire profesjonsfag, og då har ein ikkje midlar om to år.

Dette vil ein no få orden på med å prioritere studentar som er ferske frå vidaregåande, og skyve dei gjennom studia på normert tid. Men eit viktig problem er då oversett, både for studentane og institusjonane som tek imot dei: Overgangen frå vidaregåande skule til universitet er ofte sjokkerande, jamvel for dei flinkaste.

I vidaregåande har det meste vore tilrettelagt for dei, på universiteta må dei styre seg sjølve, oppsøkje stoff og råd og læringssituasjonar. Dermed er det gjerne eit visst fråfall etter fyrste året, og eit mykje større fråfall etter andre; i mange fag ein tredjedel av dei studentane som er tekne opp.

«Mogning er i mange fag, frå språk til medisin, frå juss til realfag, ikkje minst i profesjonsfaga, heilt avgjerande.»

Fruktbar utveksling

Finansieringsmessig framstår det som «fråfall» dersom studenten angrar seg og byter studieløp. Til no har institusjonane bore dei tyngste kostnadene med dette, sidan ein altså får trekk i løyvingane for kvar «ugjennomført» student. Men no får studenten ikkje anna val enn å koste privatisteksamen sjølv dersom karakterane har vore for dårlege. Skulle vedkomande velje feil likevel, ber studenten sjølv ein tung kostnad med å byte fag. Mange fakultet godtek nemleg ikkje innpassing av fag frå andre fakultet i sine gradar. No vil ikkje studenten eingong få poeng som kan brukast til opptak i slike høve.

Dei med akademisk familiebakgrunn har større grad av tilpassa kulturell kapital. Slik det til no har vore, med eit lett aldersblanda studentmiljø der ein del studentar har noko røynsle med arbeidslivet og gruppene møtest med ulike bakgrunnar, har utvekslinga mellom studentane både vore fruktbar og stabiliserande, det gjev ofte ein mildare overgang for innstilling til arbeidslivet.

Misvisande

Stortingsmeldinga viser til ein Nifu-rapport frå 2020 for påstanden om at eldre studentar har større fråfall. Dette er unøyaktig referert; tvert om har litt eldre studentar som ploddar på og gneg seg gjennom nivåa i studia, etter kvart funne eit større sjølvstende og integrerer opphavserfaringar med studieerfaringar.

Ein ønskjer betre oversyn for planlegging og vil helst då unngå eldre studentar som kjem for å skaffe seg vidareutdanning i einskildfag eller -emne. Å ta vekk alderspoeng fell inn i eit slikt mønster. Men det er feil å tru at einsarta kohortar utan variasjon i røynsler gjer det lettare å studere for dei yngste. Mogning er i mange fag, frå språk til medisin, frå juss til realfag, ikkje minst i profesjonsfaga, heilt avgjerande.

Danske undersøkingar syner at eit år på folkehøgskule hjelper monaleg på mogninga og gjer studentar tryggare. Å utdanne seg er trass i alt å gjennomgå ein endringsprosess, det krev reorientering på fleire nivå.

At det beste skulle vere å sleppe å tenkje seg om og berre kome i gang med studiet utan vidare, er dårleg tenking og føreset at konformitetspress er av det gode. Og det er å instrumentalisere det akademiske arbeidet. Når vidaregåande ikkje lenger førebur godt for universitetsstudium, er det ikkje rart at hovudmengda av dei som fell frå eller stryk, er studentar som er komne inn rett frå vidaregåande. Dei bør ha rett til å tenkje seg om, utan at dei skal straffast for det.

At framandspråk mistar tilleggspoenga, viser paradokset. Talet på elevar som dermed vel framandspråk, vil gå ned igjen, med færre studentar i framandspråk som resultat. Det vil gå ut over nasjonens evne til å utvikle kultur- og språkkompetanse overfor land vi av økonomiske og kulturelle grunnar treng forstå betre – både dei store eksportlanda (Kina, Tyskland, Frankrike med fleire) og land vi av andre grunnar samarbeider med eller mottek nye landsmenn ifrå. «Broken English», det mest talte språket i Noreg, er ikkje god nok hjelp alle stader.

Feildosering

Kravet om at sjukepleiarar i førstelinetenesta måtte ha eit visst mål av matematisk forståing, var ikkje teke ut or lause lufta. Ein reknar kring 2000 norske dødsfall i året som fylgje av feildosering. Helsepersonell må ofte i ein fart rekne ut frå alder, kjønn og vekt kva som tolest av doseringar av medisin eller i anestesi; å rekne feil kan vere fatalt. Heretter må vel kvar institusjon sørgje for ekstrakurs i matte, utan tilførte løyvingar.

Før tala ein om verdas universitet som éin stor, lærd republikk utan landegrenser, der fri fagleg diskusjon var kjernen i alt. Mange ulike røyster trengst i slike diskusjonar. Det hadde difor vore betre med fakultetsspesifikke opptaksprøver, ut frå visse krav til forståing av feltet studenten vil arbeide på.

Løysinga er ikkje ein fabrikkarta produksjonsmåte der universitetsfolk vert produksjonsutstyr og studentane produkt. Då vert det som har vore drivkrafta, nemleg undringa og oppdagargleda, helst sand i maskineriet.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis