Å vakte sine metaforar

Når hemnen er i gang, som i Israel akkurat no, er metaforane med på å rettferdiggjere drap på uskuldige, skriv Norunn Askeland og Magdalena Agdestein-Wagner.
Når hemnen er i gang, som i Israel akkurat no, er metaforane med på å rettferdiggjere drap på uskuldige, skriv Norunn Askeland og Magdalena Agdestein-Wagner.

Dehumanisering med hjelp av metaforar er noko vi finn døme på i så å seie alle krigar.

Publisert Sist oppdatert

Metaforar er overalt i språket, i alle fagområde og i alle samanhengar. Det er berre å slå opp i ei avis eller høyre på Dagsnytt, og metaforane vil strøyme mot deg.

I ein kommentar til den pågåande krigen i Midtausten skreiv journalist Morten Strand følgjande: «Trykk-kokern Gaza gikk i lufta med et smell da terroristene i Hamas spredde død og fordervelse på bestialsk vis i Israel.» Lenger nede i kommentaren siterer han den israelske forsvarsministeren, som sa følgjande: «Vi slåss mot menneskelige dyr, og vi oppfører oss deretter.»

Journalisten kommenterte dette slik: «Som sagt, så gjort. Hevnen er i gang, og for å legitimere den, er menneskene i Gaza, i et israelsk perspektiv, å betrakte som dyr. For språk har blant annet definisjonsmakt.» (Dagbladet 17. oktober 2023).

Det å omtale fienden som dyr, har ei lang historie. Vi har president Bush sine ord frå 2001 i ferskt minne, då han ville ta hemn for terroraksjonen mot tvillingtårna i New York: «We’ll smoke them out». Motstandarane Taliban vart karakteriserte som som noko ein kan røykje ut, som skadedyr.

Eit svært ferskt eksempel har vi frå Israels forsvarsminister, som sa «[v]i vil utslette denne tingen som kalles Hamas». Islamsk kulturelle senter oppfatta dette som at Israels forsvarsminister dehumaniserte palestinarar ved å referere til dei som ting. Det å omtale folk som ting, er rett nok ei dehumanisering, men det er viktig å ha klart for seg at akkurat dette ikkje vart sagt om palestinarar generelt, men om Hamas.

Dehumanisering med hjelp av metaforar er noko vi finn døme på i så å seie alle krigar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement