Å vera seg sjølv nok?

Universitetet i Søraust-Noreg, Campus Bø.
Universitetet i Søraust-Noreg, Campus Bø.
Publisert

Rektor Peer Jacob Svenkerud, eg har ikkje noko imot at Høgskulen i Innlandet vert universitet, slik du las mitt innlegg i Dag og Tid for to veker sidan. Mellom linene skreiv eg det motsette: gjerne fleire universitet. Men ikkje med utgangspunkt i dei premissane som i dag ligg til grunn for at ein høgskule skal kunne bli universitet.

Eg er sjølvsagt samd i at universitetsstatus vil gje større sjanse til å trekkje til seg folk med høg kompetanse, og til å styrkje internasjonale nettverk som kan vere eit gode for eit lokalmiljø eller ein region som Innlandet. Men samstundes ser eg ein universitets- og høgskulesektor som fjernar seg meir og meir frå det samfunnet han er ein del av, og verkar som han er seg sjølv nok.

«Høgskulane skal driva med forsking», skreiv redaktør Svein Gjerdåker på leiarplass for tre veker sidan, men la vettug til at «vel så viktig er at dei skaper gode undervisningsmiljø med mange nok sjølvtrygge førelesarar med fagleg ballast og praktisk innsikt».

Problemet er berre at det å skape «gode undervisningsmiljø» og å ha «praktisk innsikt» ikkje tel om du søkjer ei fast stilling ved eit universitet eller opprykk frå fyrsteamanuensis til professor, eller når ein høgskule søkjer om å verta universitet.

Ved sida å vere professor i statsvitskap har eg ei lita bistilling i den liberale tankesmia Civita, der eg er del av eit tverrfagleg miljø med eit par andre professorar og mykje flinke folk. Me er ikkje åleine. I dag finst det ei rekkje tankesmier langs det politiske spekteret, og i august i år vart det jamvel etablert ei smie som kallar seg Senter for langsiktig politikk.

Frå desse miljøa kjem ei rekkje notat og rapportar, og dei som arbeider der, tek aktivt del i samfunnsdebatten med aviskronikkar og innlegg i tradisjonelle og sosiale medium. Dessutan arrangerer dei ei rekkje frukostmøte og andre former for samlingar, og sørgjer for at me har ein open og fri samfunnsdebatt her til lands.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement