Alt digitalt er ikkje lenger berre genialt
– Vi treng meir kunnskap om konsekvensane skjermbruk har for helsa, læringa, livskvaliteten og oppveksten til barn og unge, ifølge kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ( AP).
Foto: Shutterstock / NTB
Motivasjonen til elevane fell, medan skjermbruken aukar. Det er på høg tid å styre bruken av teknologi i skulen, og dette er regjeringa i full gang med.
Sjølv om det er mykje som er bra med norsk skule, er det diverre mange piler som peikar i feil retning. Norske barn les både mindre og dårlegare enn før, og skjermbruken aukar.
Per Anders Todal skriv i ein kommentar i Dag og Tid 22. desember at han i fleire år har vore uroa for digitaliseringa i skulen, for reklamepress og manglande kontroll over kva elever kan sjå på i undervisningstida. Eg deler denne uroa. Bruken av skjerm i skulen har halde fram lenge utan at politikarane har stilt kritiske spørsmål. Med denne regjeringa har det skjedd ei endring. Vi skal stanse den ukritiske digitaliseringa av skulen. Alt digitalt er ikkje lenger berre genialt.
Vi er i gang med fleire grep. Framover vil arbeidet handle om kvalitet og ikkje kvantitet, og kva som er det beste for læringa til elevane. Det er mange skular og lærarar som jobbar godt og kunnskapsbasert med digitalisering i norsk skule, men mange ønsker seg meir støtte. Vi har derfor lansert ein strategi for digital kompetanse og infrastruktur saman med KS. Vi vil mellom anna lage ein nasjonal tenestekatalog over tilgjengelege læremiddel i marknaden som kan hjelpe skular og lærarar til å velje digitale læremiddel av god kvalitet.
Vi treng også meir kunnskap om konsekvensane skjermbruk har for helsa, læringa, livskvaliteten og oppveksten til barn og unge. Regjeringa har sett ned eit utval som ser på dette, og før jul fekk eg den første delrapporten. Rapporten viser at elevane bør lese meir på papir. Derfor har regjeringa øyremerkt pengar til fysiske lærebøker til kommunane. I år gjev vi også meir pengar til skulebiblioteka, leselystprosjekt og tiltak som skal auke kompetansen til lærarane.
Elevane våre skal lære meir og betre. Då må dei kunne konsentrere seg i klasseromma. Dei negative effektane av mobilbruk på skulen er veldokumenterte. Skular som har kasta ut mobilen, har betre faglege resultat, mindre mobbing og betre sosialt miljø. Når forskinga er klar, skal vi vere like tydelege. Eg har derfor bede Utdanningsdirektoratet kome med ei tilråding om bruk av mobiltelefonar i skulen, som er venta om kort tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.