Betonglegging av partilandskapet

Ein eigenskap ved demokratiet som får det til å fungera som uttrykk for folkeviljen, er viljen til endring, skriv Arne W. Eidshagen.
Ein eigenskap ved demokratiet som får det til å fungera som uttrykk for folkeviljen, er viljen til endring, skriv Arne W. Eidshagen.
Publisert

Det skal bli færre politiske parti. Folket har for mange val, skal ein tru lovgjevarane på Stortinget. Mange små parti er også samansett av tullingar, og små parti får, merkeleg nok, få røyster ved val. Stortingspolitikarane svarar med å frysa fast rådande partistruktur gjennom ny vallov.

Ny vallov skal gjera det vanskelegare å etablera eit nytt politisk parti. Det skal òg vera vanskelegare å halda fram som politisk parti for parti som får færre enn 5000 røyster. Lova krev no underskrifter frå 10.000 personar som ynskjer at eit parti vert oppført i partiregisteret. Dette er ein gradsforskjell som er mindre viktig samanlikna med det gamle kravet om 5000 underskrifter – klarar du den, så klarar du ein til, sa mannen som skulle køyra staur.

Mykje viktigare er det at parti som har oppnådd færre enn 5000 røyster i heile landet, no må ha underskrifter frå eit tal personar som svarar til 1 prosent av dei røysteføre ved førre val.

Vallova paragraf 5-4 (2): «Øvrige listeforslag skal være underskrevet av minst så mange personer som tilsvarer én prosent av antall personer med stemmerett ved forrige valg i valgdistriktet.»

Ein prosent av alle røysteføre utgjer ganske mange underskrifter. Ved førre stortingsval var det 3.891.987 røysteføre. Kravet blir effektivt skjerpa ved at det gjeld for kvar valkrins. Det er 19 valkrinsar i Noreg. For å stille liste over heile landet må eit parti altså ha underskrifter av minst ein prosent av dei røysteføre i alle dei 19 valkrinsane. Det er ein tøff jobb å samla inn så mange underskrifter.

Ein eigenskap ved demokratiet som får det til å fungera som uttrykk for folkeviljen, er viljen til endring. Nye straumar skal få representasjon. Eit anna aspekt ved demokratiet er at det inkluderer stemmene til mindretalet. Mindretalet kjem òg til orde gjennom nye parti.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement