Ordskifte

Bistand er ein risikosport

Bistand er på mange måtar ein risikosport der ein ikkje alltid når dei måla ein har sett seg, skriv Breidlid.
Bistand er på mange måtar ein risikosport der ein ikkje alltid når dei måla ein har sett seg, skriv Breidlid.
Publisert Sist oppdatert

I debatten om Sør-Sudan og bistand er eg einig med Terje Tvedt i at det er behov for å drøfte kritisk Noregs forhold til den ikkje-europeiske verda, og det ville vere underleg om det ikkje med tida vil kome fram fleire perspektiv som kastar nytt lys på Noregs bistandsarbeid.

Når det gjeld Sør-Sudan, kom det ein omfattande evalueringsrapport i 2020 som gir Noreg skryt for å ha vore ein fleksibel og stabil givar som har støtta godt opp om dei ulike fredsprosessane og dessutan om koordineringa av internasjonal bistand. Rapporten konkluderer vidare med at den humanitære bistanden, som dei fleste norske pengane har gått til etter 2013, har fungert relativt godt. Men rapporten er òg kritisk til mange forhold.

Ei lita oppklaring: I Dag og Tid 3. januar hevdar Tvedt at Marit Hernæs og eg illustrerer problemet som Kaj Skagen skreiv om i intervjuet med han i november: «Godleikstyranni (…) er den makta som ligg i førestillinga om at éin bestemt politikk – og berre den – er ‘moralsk’, det vil seia ‘nestekjærleg’ eller ‘god’. Denne førestillinga inneber at dei som kritiserer den ‘gode’ politikken, er umoralske.»

Eg har aldri skrive eller meint at Tvedts kritikk av det han kallar den ‘gode’ politikken, er umoralsk. Sjølvsagt er det ikkje slik at ein bestemt politikk – og berre den – er moralsk, nestekjærleg eller god.

Bistand er på mange måtar ein risikosport der ein ikkje alltid når dei måla ein har sett seg. Men sjølv om Noreg har gjort feil i Sør-Sudan, betyr ikkje det at det har vore eit nesten totalt fråvær av refleksjonar i ettertid om kva som gjekk gale, og kva som kan gjerast betre. Og som Tvedt og vedgår, er sjølvsagt ikkje den politiske leiinga i Noreg skuld i den tragiske utviklinga i landet.

Frå vår norske velstandsboble, som eit av dei rikaste landa i verda, meiner eg at bistand til dei aller mest sårbare gruppene og landa i verda er rett, sjølv om det alltid vil vere rom for forbetring. Eg forsvarer derfor bistanden som eit uttrykk for solidaritet med dei undertrykte. Det betyr ikkje at norsk utanrikspolitikk og bistand kan karakteriserast som «den godes uskyld» eller som eit utilsulka symbol på godheit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement