Den godes uskyld

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim i møte med president Salva Kiir i Sør-Sudan i 2010.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim i møte med president Salva Kiir i Sør-Sudan i 2010.

«Saka er at ålmenta ikkje er interessert i dette temaet, trass i at det definerte Noregs globale rolle på 2000-talet.»

Publisert

«Den godes uskyld» er tittelen på ein bolk i Norske tenkemåter – tekster 2016–2024 som handlar om norsk utanrikspolitikk, inkludert Noregs politiske satsing i Sør-Sudan frå 1972 til prosessen der Noreg blei ein aktør i oppdelinga av Afrikas største land i 2011.

14 år seinare er det sjølvstendige Sør-Sudan blitt vår samtids globale prototyp på ein failed state, og i dei nordlege delane av det «gamle» Sudan rår oppløysing og valdeleg anarki.

Denne utviklinga har sjølvsagt ikkje den norske politiske leiinga skuld i. Men den sudanske tragedien avdekkjer overoptimisme og forenklingar ved dei dominerande norske analysane – trekk som diverre verken den politiske leiinga eller Anders Breidlid og Marit S. Hernæs, som ytra seg i førre nummer av Dag og Tid, ser nytta av å tenkje kritisk gjennom.

Les også:
Breidlid: «Å forske er å utfordre hegemoniske paradigme»
Hernæs: «Arrogant om Sør-Sudan»

Noreg utgjordejo saman med USA og Storbritannia den såkalla troikaen som organiserte Vestens samla linje i Sudan. Sidan 1972 har Sudan vore eit av dei landa Noreg har gjeve mest bistand. På heimebane argumenterte fleire for at ein norsk minister burde få fredsprisen for det fredsskapande arbeidet sitt i Sudan. Den norske regjeringa fekk òg til dømes – via UNDP – tilsett Tomm Kristiansen, Noregs mest kjende Afrika-korrespondent, som pressetalsmann for Salva Kiir Mayardit frå 2006 til 2008. Statsmannen blei den gongen skildra som heil ved, men er i dag blitt skurken i den dominerande norske forteljinga.

Hernæs skriv at Noregs visjon heldt fram med å vere eit samla Sudan så lenge det var eit mogeleg scenario, medan realiteten er at fleire og fleire aktivt støtta eit sjølvstendig Sudan lenge før fredsavtalen og folkerøystinga fann stad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement